Norskstudent fekk mållagsstipend
Da Merete Bratsberg Aae kom til Høgskolen i Telemark for å studere norsk, var ho ikkje vidare glad i nynorsk. I vår fekk ho stipend frå Noregs Mållag for å jobbe med nynorskbloggen sin.
Merete Bratsberg Aae har søkt om stipendmidlar for å lage ein sidemålsblogg for ungdom, der ungdom skal skrive om saker som opptek dei - på nynorsk, sjølvsagt. Slik kan ungdom fremje nynorsk båe i nærmiljø og i den digitale verda.
Bratsberg Aae er lærar i Kristiansund. Ho tenkjer seg at ein del interesserte elevar skal møtast 10 kveldar, der dei skal drive ideutveksling, finne på artige bloggstunt, fotografere og skrive på bloggen.
Utdrag av dei beste innlegga skal trykkjast opp og delast ut som eit grunnlag for vidare diskusjonar med nynorsk som tema.
Noregs Mållag seier på nettsida si at dei ser bloggen som eit viktig bidrag til den nynorske skriftkulturen og ei god og viktig skrivetrening til ungdommar med nynorsk som sidemål.
Merete Bratsberg Aae er frå Skien, og har ei mor frå Bø. Da ho voks opp, var alt frå Bø ukult. Trass i det byrja ho å studere norsk ved høgskolen. På mellomfag, (no norsk fordjuping), drog dei på tur til Vesaas-garden i Vest-Telemark. Bratsberg Aae fortel at ho fekk ei lita aha-oppleving da ho der såg at nokre av dei litt eldre medstudentane vart heilt bergtekne.
- Det var da eg byrja å sjå på nynorsk med andre auge. Eg fekk augo opp for at nynorsk er eit vakkert språk og at det ligg viktige kulturbindingar i språket.
Nynorskbloggen er allereie i gang. Bloggen er for elevar med nynorsk som sidemål, så for ikkje å ta skrivegleda frå elevane, er det lov å ikkje skrive heilt perfekt nynorsk. Det viktigaste er at dei skriv innlegg, og gjerne med eit interessant innhald.
Merete Bratsberg Aae skriv sjølv ein blogg, og her omtalar ho fleire gonger norskstudia i Bø - særleg skriv ho om eit par kurs ho har teke som nettstudent:
Norskmiljøet kan vere glade for omtala - for ho er veldig positiv og anbefaler kursa varmt for andre.
Ansvarlig for nettsiden Helle Friis Knutzen - 04.06.2012