Studiestart for over 6000 studentar
- Vi trur det nå blir rundt 6500 studentar ved Høgskolen i Telemark, sa rektor Kristian Bogen måndag i si tale til dei nye studentane ved den offisielle opninga av studieåret 2012 - 2013.
Den felles opninga for høgskolen var i år lagt studiestad Porsgrunn.
Det var ei festivalramme rundt opniga med bandet Oslo Ess som hovudattraksjon. Eit par timar seinare var det tilsvarande opningsarrangement ved studiestadene Bø og Notodden
Rauland startar onsdag, medan studieåret starta alt tysdag 14. august ved studiestad Drammen.
Rektor Kristian Bogen oppfordra måndag blant anna studentane til å vere prøvande og nysgjerrige. Og til å se seg sjølv som medlem av eit større fellesskap, lokalt, nasjonalt og globalt, og erkjenne at eigne krefter og talent står i teneste for eit større, felles gode.
Ordførar Øystein Beyer ønskte studentane velkomen til byen Porsgrunn, og leiar av Studentorganisasjonen i Telemark, Ann-Kristin Stubberød, og leiaren for Studentsamfunnet i Grenland, Julie Sollie Hamre, kom med innbydande ord om å delta i dei mange aktivitetane som studentane står bak.
Ved den lokale opninga i Bø var forfattar Vidar Sundstøl hovudtalar medan gruppa Ni Liv sto for musikkinnslaga.
På Notodden blei dei nye studentane inspirerte av kronikør, forfattar og pedagog Godi Keller.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av Anne Kathrine (Trine) Ellefsen - 21.08.2012
Eksterne lenker