Tok 2. plass i teknologikåring

HiT - student Kristoffer Lorentsen tok 2. plass i ei nasjonal kåring av landets beste teknologistudentar. Ingeniørstudenten får ros for sine sterke faglege resultat i kombinasjon med eit sosialt engasjement. .

ikon zoom

HiT- student Kristoffer Lorentsen saman med professor Svein Tore Hagen som nominerte Kristoffer til ”Årets teknologistudent”.

30 kandidatar blei vurderte i konkurransen som blei arrangert av konsulentfirmaet Universeum og FMC Technologies, som er eit verdsomspennande selskap innan undervassteknologi.

23- åringen frå Harstad går andre året på eit bachelorstudium i ”Informatikk og automatisering” ved Høgskolen i Telemark, og har markert seg både på høgskolen og utanfor.

- Kristoffer har oppnådd særs gode resultat ved å vere fagleg best i ei klasse på 40 studentar. Han er flink til å engasjere seg i aktivitetar som har verdi både for høgskolen og for samfunnet rundt. Han har hatt fleire leiarverv i Studentsamfunnet i Grenland, og han har engasjert seg for å marknadsføre Porsgrunn som studentby. Han er ein dyktig kommunikator som engasjerer publikum, heiter det i juryen si grunngjeving.

Hausten 2010 vann blant anna Kristoffer og studentgruppa hans OMEC ein gründercamp for 165 ingeniørstudentar.

HiT-professor Svein Tore Hagen som nominerte Kristoffer til ”Årets teknologistudent”, har merka seg at Kristoffer i tillegg til å vere ein dyktig student også får andre med seg og gjer andre gode.

Sjølv tek 23- åringen kåringa med ro, men synest det er artig å vere med. Han har til no nesten berre karakteren A på vitnemålet.

- Eg jobbar hardt med skolearbeid, men har også lett for det. Matematikk er eit fag eg beherskar godt. Det hadde sikkert vore annleis om eg hadde valt ein annan type studium. I framtida har eg lyst til å jobbe med ny fornybar energi og synest det er spennande med bølgjer eller tidvatn, seier Lorentsen.

Frå før har han fagbrev som elektrikar frå Stangnes videregående skole i Harstad. UiO- student Aida Kazagic på studiet Materialar, energi og nanoteknologi tok 1. plassen og fekk tittelen Årets teknologistudent. Både Årets Økonomistudent, Årets IT-jente, Årets studentprosjekt og Årets Teknologistudent blei offentleggjort på ”Student of the year”- arrangementet på Gamle Logen i Oslo 10. mai.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes, sist oppdatert av Per Magnus Holtung - 21.05.2012