Eit ukjent stykke Noregshistorie
Professor Nils Ivar Agøy si nye bok Kirken og arbeiderbevegelsen tek opp eit lite utforska tema i historia; tilhøvet mellom kyrkja og arbeidarrørsla. Dette tilhøvet er ofte forstått som konfliktfylt, men konfliktane har fått større plass enn det er grunnlag for, meiner Agøy.
Rett før jul gav Nils Ivar Agøy ut boka Kirken og arbeiderbevegelsen: Spenninger, skuffelser, håp. Tiden fram til 1940. Boka fortel historia om arbeidarrørsla og den norske statskyrkja frå 1850 til 1940.
Tilhøvet mellom arbeidarrørsla og kyrkja i Noreg er ofte blitt forstått som konfliktfylt, prega av gjensidig mistru, og ofte direkte fiendskap.
Agøy på si side meiner at det er også var likskapar å spore mellom dei påståtte motpolane. Han hevdar at historieskrivinga om kyrkja og arbeidarrørsla har vore altfor prega av den store kulturkampen i mellomkrigstida. Kanskje snakkar vi om ”Fiendar med same mål”.
- Det fanst både ideologiske likskapar i kampen mot grådigheit og utnytting av dei svake, og konkrete kampsaker der kristne og sosialistar stod nær kvarandre, som i arbeidet mot prostitusjon, alkohol og militarisme, fortel Agøy.
Eit ømtålig tema
Men å forske på dette tilhøvet er det få som har gjort. Derfor blir Agøys bok sett på som det fyrste omfattande norske studiet av tilhøvet mellom kyrkja og arbeidarrørsla. Historikar, politikar og teolog Berge Furre har mellom anna sagt at ”Den som skal skriva ei norsk historie om det nyare Noreg, kjem ikkje utanom dette verket”. I ein kommentar i Aftenposten 8. januar står det mellom anna at boka gir eit interessant innblikk i religionsstriden i norsk historie.
- Kyrkja og arbeidarrørsla er eit emne som har vore altfor dårleg utforska sjølv om mange har hatt bastante oppfatningar om korleis det så ut. Det er eit ømtålig tema som har vore ramma av teiing og berøringsangst, seier HiT-professoren.
- Eg har no forska på dette i ei årrekkje. Mykje meir stoff kunne vore teke med i boka, men omsynet til at ho ikkje måtte bli for stor, gjorde det nødvendig med harde prioriteringar. Men sjølv om boka blei på nærare sju hundre sider, er ho slett ikkje skriven berre for akademikarar, legg han til.
Gler seg til debatten
Boka har vakt interesse i mange kretsar. Torsdag 3. februar arrangerer Fagbokforlaget ein paneldebatt med tittelen «Kirken og arbeiderbevegelsen. Ild og vann?». Den finner stad på Litteraturhuset i Oslo. Debatten, som er open for alle, tek utgangspunkt i Nils Ivar Agøys ferske bok.
Utanom forfattaren deltek redaktøren i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, samfunnsredaktøren i Vårt Land, Erling Rimehaug, og journalist, forfattar og kyrkjekommentator Dag Kullerud Stortingsrepresentant og tidlegare partisekretær i Arbeiderpartiet Martin Kolberg, har også varsla at han kjem.
- Eg ser fram til ein debatt med svært kompetente samtalepartnerar. Dei har alle medverka tydeleg i samfunnsdebatten om religionen si rolle, og det var Kolberg som for nokre år sidan tok eit svært spennande initiativ til samrådingsmøte mellom Arbeiderpartiet og religiøse leiarar, legg Agøy til.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 10/01/2011