Litteraturfestivalen "Bøker i Bø"
Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark feirar i år 30-årsjubileum. Mange av Norges unge, etablerte forfattar har sin bakgrunn frå dette studiet. Nå er fleire av dei med i den nye litteraturfestivalen "Bøker i Bø" denne helga.
Litterær suppestasjon, Bø som forfattarby, skolebesøk, fleire bokbad, lesemaraton, aktuelt møte, modig møte, kriminelt møte, og litterær fest er blant dei mange programpostane.
Opningsfest i Gullbring
På opningsfesten fredag i Gullbring kulturanlegg får publikum møte eit knippe sentrale forfattarar. Blant desse er Eldrid Lunden som var med å starte forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, og som også blei Norges første professor i litterær skrivekunst.
Andre fortfattar på opningsfesten er Anne Oterholm som inntil nyleg var leiar av Den norske forfattarforening, Lina Undrum Mariussen, som er vinnar av Tarjei Vesaas Debutantpris i 2012, Aina Villanger, Inger N. Bråtveit, Leif Høghaug og to av årets forfattarstudentar - Kaja Marie Lereng Kvernbakken og Simen Dysvik Hagen.
Ordføraren i Bø deler ut den første Bøker i Bø-prisen under opningsfesten. Festen er ei særleg markering av forfattarstudiets 30-årsjubileum.
Dag Solstad
Arrangementet "Bøker i Bø" spring også ut i frå forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark med Eldrid Lunden og nåverande leiar av studiet, Rune Christiansen, som drivkrefter.
Hanne Ørstavik deltek i "Aktuelt møte" medan Dag Solstad møter publikum i "Modig møte".
"Bøker i Bø" har ambisjon om å vere ein unik litteraturfestival - ung, modig og aktuell - og programmet skal spegle dette unge, modige og aktuelle i samtidslitteraturen gjennom samtalar mellom unge og etablerte forfattarar, og i møte med spennande forfattarskap og gode tekstar.
Bøker i Bø prosjekt er eit samarbeid mellom Bø kommune, Midt-Telemark Næringsutvikling, Høgskolen i Telemark, Sentrumsringen i Bø og engasjerte leselystne bokelskarar. Prosjektet har fått støtte frå Fritt Ord og Telemark fylkeskommune.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 14/05/2013