Fekk jobb på Karrieredagen
46 utstillarar stod klare til å ta imot studentane som deltok på årets Karrieredag. For Tony Lefsaker blei det eit hyggjeleg gjensyn. I fjor avslutta han ingeniørstudia ved Høgskolen i Telemark og i år jobbar han med å rekruttere HiT- studentar til Backegruppen.
Tony Lefsaker avslutta ein bachelor i bygg, y-vei ved HiT våren 2011. I dag var han tilbake igjen.
- Eg hadde med meg fleire CV'er som eg delte ut på Karrieredagen i fjor, og Backegruppen stod høgt på lista. Eg ringde dei eit par gonger etter Karrieredagen for å høyre korleis eg låg an, og tilslutta blei eg innkalla på intervju, fortel Lefsaker. Og då var det gjort. I dag jobbar han som kalkulatør i entreprenørkonsernet. Han reknar på tilbod og følgjer opp større byggjeprosjekt for Våle bygg som er eit av selskapa i Backegruppen.
46 verksemder
Av høgskulen sine 6170 studentar er det ca. 1500 studentar som avsluttar gradsstudiane sine våren 2012. Dei fordeler seg slik; ca. 1250 på lågare nivå (bacholor, faglærer og lærer) og ca. 250 på høgare masternivå.
- Dette er femte året vi arrangerer ein Karrieredag som denne, og vi er svært tilfreds med den aukande oppslutninga frå arbeidslivet. I år er 46 verksemder frå offentleg og privat sektor til stades, sa rektor Kristian Bogen da han åpna Karrieredagen. Han oppfordra studentane til å bruke dagen godt for Karrieredagen er ei god investering i ein framtidig karriere.
Ein som nytta seg av høvet var bachelorstudent på Informatikk og automatisering, Rune Andersen.
- Eg er her for å søkje nettverk og sjå på jobbmoglegheiter. Eg har sikta meg ut nokre på førehand og Goodtech er ein av dei, men eg er heller ikkje framand for å ta ein mastergrad, seier Andersen. Goodtech var også ute etter ingeniørar og Andersen fekk med seg ei oversikt over kva han kunne søkje på.
Is-smeltar
Skiensfirmaet EFD Induction har vore til stades på Karrieredagen tidlegare, og stilte med eige show der dei gav ein oppvisning i induktiv oppvarming. Den fungerte også som ein "ice breaker" og gjorde det enklare for studentane å spørje og ta kontakt. EDF har hovudkontor i Skien kor dei i dag har 130 tilsette, men dei har 800 tilsette på verdsbasis.
- Vi rekrutterer folk med og utan ingeniørerfaring. Mange av våre tilsett kjem frå Høgskolen i Telemark, fortel salgssjef Terje Solgaard.
Studentane hjalp til
I tillegg til representantar frå dei store internasjonale olje- og gass selskapa så vel som mindre selskap frå underleverandørindustri og prosjektering, så var Porsgrunn- og Skien kommune, Sykehuset Telemark og Norsk Sykepleierforbund til stades.
8 til 10 HiT - studentar stilte som "bakkemannskap" og hjelpte verksemdene med å rigge til stands og fekk tak i utstyr dei trengde undervegs.
- Eg har allereie fiksa meg jobb, såg eg tenkte at eg kunne vere med å hjelpe til, seier ingeniørstudent Hans Kristian Godell.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 08/02/2012