Nær 10 prosent fleire søkjarar

Talet på søkjarar til universitet og høgskoler aukar samla med 6,6 prosent, viser tal frå Samordna opptak. For Høgskolen i Telemark er veksten enda større - 9,9 prosent.

Mette Venheim og Mari Helle Hegna
ikon zoom

Søkninga til Høgskolen i Telemark aukar meir enn gjennomsnittet for norske universitet og høgskolar, konstaterer opptaksleier Mette Venheim og Mari Helle Hegna ved opptakskontoret for høgskolen.

Søknadsfristen gjekk ut 15. april, og i dag offentleggjorde SO resultata.

Ungdomskulla veks, men talet på søkjarar i år aukar enda meir. Det betyr at interessa for å ta høgre utdanning aukar, skriv SO i ei pressemelding.

2831 vil til HiT

Høgskolen i Telemark har nå 2831 førsteprioritetssøkjarar - dvs søkjarar som har eit studium ved HiT på førsteplass på det nettbaserte søknadsskjemaet sitt.Det er 255 fleire søkjarar enn på same tid i fjor.

Totalt er det på landsbasis 115 800 søkjarar til høgre utdanning.

Fleire vil bli lærarar

Ved Høgskolen i Telemark er det vekst innan dei fleste fagområda.

- Det er blant anna særleg grunn til å glede seg over at talet på søkjarar til lærar- og førskolelærarutdanningane aukar, seier opptaksleiar Mette Venheim.

Til saman har både dei studiestadsbaserte og nettbaserte studietilboda innan dette området 834 førsteprioritetssøkjarar i år mot 672 i fjor.

HiT har lærar- og førskolelærarutdanning både på nett og ved studiestadene i Drammen og Porsgrunn utanom hovudbasen på Notodden.

Opp 41 prosent for ingeniør

Dei ulike ingeniørstudia har gjennom Samordna opptak 143 søkjarar, opp med heile 41 prosent i forhold til 2011.

Eigedomsmekling er med sine 234 førsteprioritetssøkjarar det mest søkte enkeltstudiet ved HiT. Men med både heiltids- og deltidsvarianten er sjukpleiarstudiet størst med samla 363 søkjarar.

Samla går også kroppsøvings-, idretts- og friluftslivsfaga fram saman med fagområda innan kultur, språk og historie.

1. juli

Fordelinga av søkjarar er førebels. Fram til 1. juli kan søkjarane endre prioriteringa på søknadsskjemaet sitt. Og 20. juli går første hovudopptak med fordeling av studietilboda til søkjarane.

- Det vil alltid vere endringar i søkjartala fram mot 1. juli, men resultatet nå etter 15. april-fristen gir ein god indikasjon på den endelege fordelinga, seier opptaksleiar Mette Venhaim.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 24/04/2013

  • Print