Norsk, påbygging

søk her
Eit påbyggingsemne i norsk vil gje djupare forståing og innsikt i språklege og litterære emne innan norsk og nordisk språk og litteratur. Det kan også ha tverrfaglege koplingar til kultur, historie eller andre språk (nordiske eller engelsk). Dette vil kome til nytte innan alle yrke der ein brukar språket aktivt, anten det er i skole, kulturliv eller andre yrkessamanhangar.

Målgruppe er dei som ynskjer å gå djupare inn i enkeltemne i høve til årsstudiet.

Studiet skal
• gje studentane utvida kunnskap om norsk/nordisk språk, litteratur og/eller kultur
• vidareutvikle evna til å uttrykke seg på godt norsk, både nynorsk og bokmål
• skjerpe evna til å vurdere andre sine uttrykksformer
• gje tryggleik i å formidle vidare den kunnskapen dei tileignar seg
Påbygging i norsk kan kombinerast med andre studium og emne i ein bachelorgrad i humanistiske fag. Saman med årsstudiet i norsk kan det utgjere fordjupinga i ein bachelorgrad i humanistiske fag.
Studiet kan og kombinerast med studium ved andre høgskular eller universitet.
Norsk er eit grunnleggjande skolefag, og til saman vil eit norsk årsstudium og eit påbyggingsemne kunne nyttast i ei lærarutdanning sett saman av fagstudium og PPU (praktisk pedagogisk utdanning).

 
Career opportunities/Further studies

Norsk fordjuping i ein bachelorgrad må vere på minst 20 sp i tillegg til årsstudiet på 60 sp, og ei slik fordjuping kan vere grunnlaget for opptak til masterstudium på universitet og høgskolar, særleg i norsk.

 

Published by Trond Kvasjord - 19/04/2012

  • Print