Doktorgradsprogram i kulturstudiar
Eit overordna fagleg utgangspunkt for doktorgradsprogram i kulturstudiar er at vi ser eit behov for ei doktorutdanning på kulturområdet som kryssar tradisjonelle disiplingrenser.
Overordna fagleg utgangspunkt
Programmet tar sikte på å integrere element frå kulturfag som kulturanalyse, historie, kunsthistorie, antropologi, kultursosiologi, etnologi, litteratuvitskap, musikkvitskap, religionshistorie, språkfag, osv. På eit integrert nivå skal programmet bidra å skapa ein fagleg syntese som gjer det muleg for doktorgradsstudentane å få ei utvida forståing av kultur som fenomen. Eit tverrfagleg, men integrert doktorgradsprogram av dette slaget skal også gi doktorandane ein kvalitativt ny innsikt og gi dei høve til å arbeide ut frå nye synsvinklar.
Programmet går ut frå eit breitt kulturbegrep – det vil seia at kulturstudiar i vår samanheng betyr at ein kan studere kultur som verdiar, holdningar, kunnskapar, åtferd, sosiale relasjonar, meiningsuttrykk, kunst og estetisk praksis. Kultur kan både vera ein prosess og eit resultat eller eit produkt i form av materielle gjenstandar, tenester eller aktivitetar i samfunnet. På eit overordna nivå kan doktorgradsprogrammet beskrivast ut frå to begrepskombinasjonar som il saman utgjer fire hovudområde for programmet:
- Kulturforståing
- Kulturpolitikk
- Kulturproduksjon og estetisk praksis
- Kulturdidaktikk (cultural education)
Kulturforståing handlar om å analysere og definere kva kultur kan vera, korleis ulike kulturuttrykk og symbol, kulturelle handlingsmønster og kulturelle prosessar, strukturar og kulturprodukt trer fram og fungerer i samfunnet.
Forsking om kulturpolitikk rettar søkelyset mot dei politiske, ideologiske, økonomiske, institusjonelle og forvaltningsmessige samanhengane som kulturen går inn i. Her er også maktforhold knytt til kultur som fenomen eit viktig tema.
Kulturproduksjon og estetisk praksis er nedslagsfeltet produksjonen og forminga av kulturen, både som materiell og immateriell form – frå idear, verdiar, meiningar, livs- og samfunnsmønster til utdanning, reklame, kunst og handverk. Estetisk praksis er den spesifikke forma for kulturell praksis som oppstår innan kunst, tradisjonskunst, handverk, design, musikk, osv..
Kulturdidaktikk handlar om teoriar, praktisering og erfaringar med profesjonell kulturproduksjon og med utdanning innanfor kulturområda. Kulturutdanning blir definert som utdanning retta mot profesjonell kulturproduksjon og estetisk praksis og/eller undervisning om dette. Didaktikken stiller dei grunnleggande spørsmåla om kvifor, kva og korleis i samband med dette arbeidet.
Den enkelte doktoranden vil ut frå val av problemstilling og empirisk materiale og/eller teoretisk perspektiv ha ei hovudforankring i eitt av dei fire områda, men skal også ha ein viss innsikt i dei andre. Det tverrfaglege består i å integrere kunnskap frå ulike område og tradisjonar.Doktorgradsprogrammet i kulturstudiar vender seg både til personar som satsar på ein tradisjonell akademisk karriere, og til personar som vil arbeide på eit profesjonsfelt og i leiande stillingar i forvaltninga av kulturområdet.
Innhald og struktur
Programmet utgjer samla 180 studiepoeng (3 fulle årsverk), og av dei utgjer opplæringsdelen 45 studiepoeng, resten av tida går til å skrive avhandlinga. Dei som er tilsette som stipendiatar ved ein høgare utdanningsinstitusjon, har gjerne også 1 år undervisningsplikt.
Opplæringsdelen i doktorgradsprogrammet består av 2 obligatoriske fellesemne – kulturteori og vitskapsteori - der kvart emne er på 10 studiepoeng. I tillegg kjem eit kurs i metode på 5 studiepoeng. Dei valfrie emna utgjer til saman 20 studiepoeng, og dei vil vera meir spesifiserte og direkte knytte til forskingsområda i programme
- Obligatorisk fellesemne i kulturteori – 10 studiepoeng
- Obligatorisk fellesemne i vitskapsteori – 10 studiepoeng
- 2 valfrie emne – til saman 20 studiepoeng
- Metodekurs - 5 studiepoeng.
Arbeids- og dokumentasjonsformer
Utdanninga omfattar eit sjølvstendig forskingsarbeid som skal dokumenterast med ei vitskapleg avhandling (monografi eller artiklar). Avhandlinga skal vera på høgd med internasjonal fagleg standard innanfor fagområdet. I tillegg skal doktorgradskandidaten få ei avansert opplæring i kulturteori, vitskapsteori, forskingsmetode og tematisk fordjuping som gir fagleg djupne og breidd. I løpet av forskarutdanningsperioden skal kandidaten få trening i fagformidling overfor fagfellar og doktorgradskandidatar på same program, på nasjonale forskarkurs, internasjonale konferansar m.m.
Opplæringsdelen av programmet blir gjennomført ved ein kombinasjon av førelesningar og seminarverksemd. I seminara skal doktorgradsstudentane legge fram eigne tekstar til kritisk vurdering og diskusjon, og dei skal kommentere vitskaplege tekstar som er skrivne av andre forskarar og av andre doktorgradsstudentar. Dei skal delta på internasjonale konferansar og alle må derfor skrive papers og presentere dei på engelsk. Den enkelte doktorgradsstudenten får ved opptak tildelt ein hovudrettleiar og ein eller fleire medrettleiarar. Hovudrettleiaren vil normalt vera blant dei fagpersonane ved Høgskolen i Telemark som er knytte til doktorgradsprogrammet. Medrettleiarane kan vera interne eller eksterne. Alle rettleiarar skal ha doktorgrad og forskarerfaring, dvs. at dei er førsteamanuensar eller professorar.
Grunnlaget for opptak
Grunnlaget for å bli tatt opp på doktorgradsprogrammet er at vedkommande søkar har ein mastergrad, eller tilsvarande, som er relevant for innhaldet i programmet. Søkaren må ha utarbeidd eit forslag til avhandlingsprosjekt innanfor fagområdet for doktorgradsprogrammet. For å bli tatt opp på programmet må søkarane ha full finansiering, enten gjennom ei stipendiatstilling eller gjennom anna dokumentert finansiering (for eksempel frå andre institusjonar eller arbeidsgjevarar).
Avgjerd om opptak blir basert på ei samla vurdering av den vitskaplege kvaliteten på søknaden og avhandlingsprosjektet, dei formelle kvalifikasjonane til søkaren, om det synest muleg å gjennomføre prosjektet og om prosjektet er relevant for dei faglege prioriteringane ved Høgskolen i Telemark.
Ansvarlig for nettsiden Eline Flesjø - 17.12.2012