Birger Risnes blir pensjonist

Etter 31 år i høgskolesystemet i Telemark, blir Birger Risnes frå nyttår pensjonist.

Etter 31 år i høgskolesystemet i Telemark blir Birger Risnes frå nyttår pensjonist.
ikon zoom

Etter 31 år i høgskolesystemet i Telemark, blir Birger Risnes frå nyttår pensjonist.

På fellesadministrasjonens julemiddag blei han takka for innsatsen med både talar og gåver.

Frå 1977 til 1994 var Birger Risnes leiar av sekretariatet - og seinare direktør - for Det regionale høgskolestyret i Telemark. Dette var i praksis eit statleg planleggjings- og koordineringsorgan for dei den gang tre sjølvstendige høgskolane Telemark distriktshøgskole, Telemark lærarhøgskole og Telemark ingeniørhøgskole.  Seinare kom også den tidlegare fylkeskommunale sjukepleiarutdaninga inn som statleg høgskole. I 1994 blei desse fire samla til Høgskolen i Telemark og Det regionale høgskolestyret nedlagt.

Da han starta i Det regionale høgskolestyret var det til saman 1333 studentar i dei tre opprinnelege høgskolane. Ved samlinga av høgskolane i 1994 var studenttalet nær firedobla. 

Blant dei store oppgåvene som høgskolestyret engasjerte seg sterkt i, var etableringa av sivilingeniørutdanninga i Porsgrunn, utvikling av folkekulturutdanningane i Rauland og vernepleiarutdanning til Telemark.

I mange regionar var det store spenningar og til dels opne konflikter mellom dei regionale høgskolestyra og høgskolane.

- Men ikkje i Telemark. Du har ein stor del av æra for det. Du var smidig og samarbeidsorientert. Du fekk ingen fiendar, men spelte på lag med nøkkelpersonar og nådde dine mål ved det, sa høgskoledirektør Nils Røttingen i sin tale til Birger Risnes på julemiddagen.

Etter samanslåinga i 1994 har Birger Risnes vore knytt til fellesadministrasjonen, mellom anna med utgreiingsarbeid og administrativt ansvar for internasjonalisering og etterutdaning. Han har hatt et særleg ansvar for studentutvekslingsprogrammet NORPLUS der Høgskolen i Telemark i år har fått over ein million kroner i tilskot.

Når Birger Risnes nå sluttar, har han nær 43 år i offentleg teneste bak seg. Med ein cand.philol.-grad starta han som gymnaslektor og arbeidde seinare som konsulent i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Til daverande Telemark distriktshøgskole kom han i 1974 som vaksenopplæringskonsulent.

 

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 30.12.2004