Stor folkemusikkonferanse ved Høgskolen i Telemark
Rundt 120 folkemusikkstudentar er denne veka samla i Rauland til den årlege NORDTRAD-konferansen ved Høgskolen i Telemark.
Både teori og utøvande verksemd er innhaldet for dei rundt 120 folkemusikkstudentane som nå er samla til den internasjonale konferansen i Rauland
Dette er studentar frå folkemusikkutdanningane i dei nordiske landa i tillegg til gjester frå Slovakia, Ungarn, Irland og England.
Bak dette store arrangementet står folkemusikk- og folkekunststudia ved Høgskolen i Telemark. Konferansen er den niande i rekkja, og vil i år - i tillegg til konsertar og musikkverkstader - sjå nordisk tradisjonsmusikk i eit fleirkulturelt og europeisk perspektiv.
Oversiktsprogram:
|
Onsdag, 14. april, kl. 19.30 | Konsert med lærarar frå dei nordiske folkemusikkutdanningane og gjester frå Slovakia, Ungarn, Irland og England. |
|
Torsdag, 15. april, kl. 19.30 | Konsert med studentar frå dei nordiske folkemusikkutdanningane. |
|
Fredag, 16. april, kl. 19.30 | Konsert med studentar frå dei nordiske folkemusikkutdanningane. |
|
Laurdag, 17. april kl. 11.00-17.00 kl. 12.00-17.00 |
Handverksutstilling og marknad Open scene. Nordiske folkemusikkstudentar presenterar resultat frå arbeid i musikkverkstader. |
NORDTRAD er eit nettverk som består av høgskolar og konservatorium i Norden og i Baltikum med tilbod om høgare utdanning i folkemusikk. Nettverket arrangerer årleg eit nettverksmøte (intensivkurs) for studentar og lærarar.
NORTRAD-nettverket blir koordinert av førstelektor Frode Nyvold ved Høgskolen i Telemark
Sjå:
NORTRAD (Heimeside)
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av Frode Evenstad - 30.08.2004