Espeland og Lind inn i HiT-styret

Tarald Espeland (24) og Linda Lind (34) er studentane sine to faste representantar for studieåret 2004/2005 i styret for Høgskolen i Telemark.

Tarald Espeland og Linda Lind
ikon zoom

Tarald Espeland og Linda Lind

Tarald Espeland studerer energiteknologi i Porsgrunn og Linda Lind tar mastergrad i tradisjonskunst i Rauland. For Linda Lind dette andre periode i styret.

Det var sju kandidatar til valet av to faste og to vararepresentantar for studentane. Men bare 343 av høgskolens rundt 4 400 studentar deltok ved valet.

Tarald Espeland fekk 115 såkalla førstestemmer og dermed plass i styret. Christian Martens fekk 72 av førstestemmene.

Andrerepresentanten blir så vald etter eit komplisert system med vekta stemmer. Dessutan skal begge kjønn etter lovverket vere representerte. Linda Lind var da den av kvinnene som fekk flest vekta stemmer (34,32).

Christian Martens blei på same måte vald til første vararepresentant, og kjønnsregelen sikra Sigrid Tosterud plass som andre vararepresentant.

Det er 11 representantar i styret for Høgskolen i Telemark. Medan representantane for dei tilsette og dei eksterne representantane er valde for ein fireårsperiode, blir dei to studentrepresentantane valde for eitt år om gangen. Valet av studentrepresentantar blei avvikla 30. september.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 05.10.2004