2006-budsjett som venta

I framlegget til statsbudsjett frå den avtroppande Bondevik-regjeringa får Høgskolen i Telemark ein vekst i 2006-løyvinga frå staten på 4,6 millonar kroner. - Det utgjer ein realvekst på 1,2 prosent, og er omtrent som vi venta, seier høgskoledirektør Nils Røttingen.

Nils Røttingen
ikon zoom

- Dette er eit budsjett til å leve med, seier høgskoledirektør Nils Røttingen.

I framlegget til 2006-budsjett er det sett av i alt nær 412 millionar kroner til Høgskolen i Telemark. Budsjettframlegget inneheld både lyspunkt og nokre negative overraskingar for høgskolen.

20 fleire ingeniørplassar
Ingeniørutdanninga får eit etterlengta løft med 20 ekstra studieplassar i 2006.

- Dette er svært gledeleg. Det er stimulerade og motiverande for det teknologiske fagmiljøet vårt og positivt for industri og næringsliv i regionen, seier Nils Røttingen. Dei 20 studieplassane til HiT blir overførte frå ingeniørutdanninga ved Høgskolen i Gjøvik.

Kutt i vernepleierutdanninga
Men netto får HiT 40 færre studieplassar neste år. I budsjettframlegget kuttar regjeringa 30 studieplassar i vernepleierutdanninga. I tillegg får HiT også 20 færre studieplassar i universitetsparallelle studietilbod og 10 færre studieplassar i allmennlærarutdanninga.

- Det er skuffande, særleg sett på bakgrunn av at ungdomskulla nå aukar igjen, kommenterer høgskoledirektøren.

Nettokuttet på 40 studieplassar tilsvarer ein budsjettreduksjon på omlag 900 000 kroner.

HiT er òg skuffa over at høgskolen bare fekk ei av dei 40 doktorgradsstillingane er tildelte dei statlege høgskolane. Også i fjor fekk høgskolen bare i ei slik stilling.

HiT er i dag den femte største statlege høgskolen i Norge med rundt 5000 studentar.

Meir informasjon:

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 14.10.2005