Regionen gir ein million til teknologiutvikling

Regionrådet for Buskerud, Telemark og Vestfold har nå løyvd ein million kroner til eit felles teknologiprosjekt ved dei tre høgskolane i regionen. "Alternative energikjelder" er hovudtema.

Av løyvinga for 2005 gjeld 275 000 kr leiing av hovudprosjektet "BTV-teknologi", medan 750 000 kr går direkte til fagområdet "Alternative energikjelder".
Prosjektet byggjer på eit partnerskap mellom dei tre høgskolane i Buskerud, Telemark og Vestfold.
Heile samarbeidsprosjektet er delt i to. Den første delen gjeld kompetanseutvikling, FoU-verkssemd og innovasjon. Dette omfattar multifunksjonelle sensorsystemer, alternative energisystem og industriell modellering og simulering.
Den andre delen av prosjektet har fokus på utdanning. Tema her er utvikling av felles tiltak for eksisterande tilbod i dei tre høgskolane og utvikling av nye koordinerande tiltak, særleg innan matematikk, naturfag og teknologi.
Regionrådet meiner at dette samarbeidet samsvarer godt ambisjonene som er nedfelt i den næringspolitiske strategien som regionrådet har vedtatt.

Lenker:

BTV-samarbeidet: http://www.btvregion.no

Ansvarlig for nettsiden webmasterSPAMFILTER@hit.no, sist oppdatert av Per Magnus Holtung - 13.10.2005