Gode mastergradar i tradisjonskunst

Det første kullet med mastergradsstudentar i tradisjonskunst i Høgskolen i Telemark har etter to års studier avlagt eksamen. Den såkalla gjennomstrøyminga er svært god, og kvaliteten på mastergradsarbeida er også høg med ein gjennomsnittskarakter på B.

Professor i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark, Vidar Lande
ikon zoom

- Resultata er over all forventning, seier leiar av masterstudiet i tradisjonskunst i Høgskolen i Telemark, Vidar Lande, etter at dei 11 første studentane nå er uteksaminerte.

Mastergradsstudiet i tradisjonskunst blei etter stort regionalt engasjement oppretta i 2003 som det einaste i sitt slag i landet. Dei involverte var derfor ekstra spente når høgskolen med dette første kullet skulle få teste om kvaliteten, innhaldet og strukturen i studiet var godt nok. Og det var det.  

Same nivå
Professor Gunnar Danbolt ved Universitetet i Bergen var gjennomgangssensor. Han har gjennom mange år vore sensor ved hovudfag i forming både i Oslo og på Notodden. Det var difor svært betryggande og oppløftande for dei tilsette ved folkekunststudia i Rauland då han forsikra om at kvaliteten på mastergradsstudiet i tradisjonskunst held same nivå som andre mastergradsstudier med denne praktisk utøvande profilen.

11 av 14
Professor Vidar Lande har den faglege leiinga av studiet. Ved starten var det 14 studentar, og 11 av desse er nå ferdige innan den normerte tida på to år. Tre studentar blei anbefalt å bruke eitt år ekstra på studiet. Alle desse hadde gode grunnar for forlenginga.

Gjennomstrøyminga må difor seiast å vere stor, og kvaliteten på mastergradsarbeida er også høg, med B som gjennomsnittskarakter.

- Resultata og gjennomstrøyminga er over all forventning, seier Vidar Lande etter at sensuren nå er falt.

- Mann av huse
Eksamensforma var òg eit av dei positive elementa i studiet. Den var lagt opp som opne presentasjonar av masterarbeida i Vinjesalen, Vinje kommunes storstoge.

- Eg har vore med på tilsvarande eksamensform både i Oslo og i USA. Men der har det knapt vore nokon utanom kandidatane og sensorane til stades. Men i Vinje gjekk folk nærast mann av huse for å høyre på masterstudentane. Det var sjølvsagt òg svært inspirerande for dei, seier folkekunstprofessor Vidar Lande. 

Både teori og utøvande del
Det har vore eit stort spenn i mastergradsoppgåvene, frå oppgåver med ein sterk utøvande profil, der den kunstnarlege kompetansen har vore vektlagt, til meir teoretiske oppgåver med vektlegging av historisk materiale. Kravet har likevel vore at alle oppgåvene skulle innehalde ein utøvande del, uansett vektlegging. Ved opptak til masterstudiet har ein lagt vekt på ei fordeling av studieplassane mellom folkekunst- og folkemusikkstudentar.

Folkemusikk og folkekunst
Av de 11 studentane som nå har oppnådd mastergraden er det fem innan folkemusikk og seks innan folkekunst. 

- Dette er veldig bra. Vi har med dette lagt ein god mal for dei masterstudentane som nå skal i gang med sitt andre år, og dei nye som startar til hausten, seier ein svært nøgd instituttstyrar ved høgskolens institutt for folkekultur i Rauland, Bodil Akselvoll.

 

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 21.06.2005