Kva du meiner om studiet?
Studentane si meining om studiet er viktig for at høgskolen kan gjere undervisninga og det faglege opplegget betre. Til det treng den hjelp. Nå er webskjemaene for hausten klare.
- Det er viktig at alle brukar dei få minutta det tek å fylle ut det interaktive evalueringsskjemaet, seier Kristin Ekmann.
- Evalueringa frå studentane gjer at vi kan forbetre studiet for dei studentane som kjem etter deg. På same måte får du nytte av andre studentar sine vurderingar når du startar på eit nytt emne, seier Kristin Ekmann. Ho er ansvarleg for kvalitetsikringssystemet for undervisningsverksemda i høgskolen.
- Vi arbeider kontinuerleg med å tilby studentane våre utdanning av høg kvalitet. Derfor er det svært viktig at alle brukar dei få minutta som trengs for å fylle ut det webbaserte skjemaet.
16 spørsmål
Det interaktive skjemaet for kvart studieemne er todelt. Første del har 16 spørsmål der du kryssar av på ein karakterskala frå 1 til 6, og der 6 er best.
Dette er spørsmål der du som student både vurderer i kva grad du sjølv har fått auka kunnskap og forståing av emnet, kvaliteten på informasjonen frå høgskolens side, og fleire spørsmål der du vurderer læraren sin innsats. Dette gjeld blant anna eigenskapar som faglege styrke, respons på spørsmål og respekt for andre sine meiningar.
Du må krysse av på alle dei 16 første spørsmåla for at evalueringa di skal blir registrert.
Eigne kommentarar
Andre del av skjemaet har fem spørsmål der du kan skrive inn dine eigne kommentarar. Det er valfritt å svare på desse spørsmåla.
Denne emneevalueringa mot slutten av kvart semester er ein sentral del av kvalitetssikringssystemet ved Høgskolen i Telemark.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 25.11.2005