Må justere sjukepleiarutdanninga
Høgskolen i Telemark må tone ned den samfunnsfaglege profilen på sjukepleiarutdanninga si og i staden leggje meir vekt på dei sjukepleiefaglege kjerneområda. Det er blant konklusjonane i rapporten frå ein fagleg komité som nå har vuderert utdanninga for akkrediteringsorganet NOKUT.
Ut frå dagens faglege profil tilfredsstiller ikkje bachelorstudiet i sjukepleie ved Høgskolen i Telemark krava til den revideringa av akkrediteringa som nå blir gjennomført ved alle sjukepleiarutdanningane i landet.
Av dei 31 sjukepleiarutdanningane er det 27 som ikkje tilfredsstiller krava. Berre høgskolane i Buskerud, Gjøvik og Hedmark og Diakonhjemmets høgskole får godkjent.
Komiteen har gjennomført vurdering basert blant anna på ei sjølvevaluering ved Institutt for helsefag under høgskolens Avdeling for helse- og sosialfag, som har det faglege ansvaret for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Telemark, og på komitebesøk på høgskolen der både leiarar, studentar og fagleg og vitskapleg personale har vore intervjua.
Komiteens rapport blir behandla i styretmøtet i NOKUT (Nasjonal organ for kvalitet i utdanninga) 10. november. Dersom styret følgjer tilrådinga, vil Høgskolen i Telemark få ein tidsfrist for å gjennomføre naudsynte justeringar.
I rapporten sin peikar komiteen på at Høgskolen i Telemark både har god gjennomstrøyming og gode eksamensresultat ved bachelorstudiet i sjukepleie. Studentane som blei intervjua peika på at gode forelesingar høyrde med til dei beste opplevingane ved studiet, og generelt var alle lærarane imøtekommande og hjelpsame.
Sjukepleiestudentane vil i alle høve få fullføre utdanninga med godkjende eksamenar.
Komiteen er særleg kritisk til at det i fagplanen for studiet er spesielt fokusert på "transkulturell sjukepleie" og samfunnsfag. Komiteen meiner å kunne fastslå at omgrepet "transkulturell sjukepleie" framstår som uklart både blant studentane, dei tilsette og framtidige arbeidsgjevarar.
Av rapporten går det elles fram at fagleg personale, infrastruktur, kvalitessikringssystem, internasjonalisering og studieopplegg inkludert praksis tilfredsstiller dei krava som blir stilte.
Tilrådinga frå komiteen er at høgskolen må tydeleggjere og endre fagleg profil, med sterkare satsing innanfor sjukepleiefaglege kjerneområde.
Høgskoleleiinga, avdelingsleiinga og instuttleiinga har i dag møte med dei tilsette i sjukepleiarutdanninga for ein første dialog om rapporten og mogelege oppfølgjingstiltak.
Høgskolen i Telemark har frist på seg til 13. oktober for å kome med kommentarar til rapporten.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 02.09.2005