To spellemannsprisnominasjonar til HiT
Både professor i folkemusikk ved Høgskolen i Telemark, Vidar Lande, og tidlegare folkemusikkstudent Gro Solli er nominerte til årets Spellemannspris i klassa for folkemusikk og gamaldans.
Omslaget til "Sordølen", CD som folkemusikkprofessor Vidar Lande nå er nominert til Spellemannsprisen for.
Vidar Lande er nominert for dobbel-CDen "Sordølen" som både i lyd og tekst presenterer utviklinga i folkemusikken frå Setesdal. CDen blei presentert under Landskappleiken i Eidfjord i fjor.
På CDen har Vidar Lande med seg Gunhild Tømmerås som gjesteartist. Ho er ein av Noregs fremste folkesongarar.
CDen " Sordølen"er spesiell på fleire måtar. Utgjevinga er forsynt med eit tospråkleg teksthefte på norsk og engelsk på heile 42 sider. Vidar Lande som sjølv er ein topputøvar på hardingfele, gir i tekstheftet grundig innsikt i det musikalske materialet.
I tillegg til Vidar Lande er gruppa "Tre begrædelige piger" blant dei nominerte i denne klassa. Her er Gro Solli ein frontfigur. Ho har nyleg to år med folkemusikkstudium i Høgskolen i Telemark bak seg. I desse dagar er ho i studio i Rauland og spelar inn ein ny CD, nå saman med gruppa "Folk".
Spellemannprisen blir i år delt ut for 33. gang, med direktesendt show laurdag 26. februar 2005.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 10.01.2005