Spellemannspris til folkemusikkprofessor

Vidar Lande, professor i folkemusikk ved Høgskolen i Telemark, vann laurdag kveld årets spellemannspris i klassa for folkemusikk og gamaldans.

Vidar Lande vann prisen for dobbel-CDen "Sordølen" som både i lyd og tekst presenterer utviklinga i folkemusikken frå Setesdal. CDen blei presentert under Landskappleiken i Eidfjord i fjor.
ikon zoom

Professor i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark, Vidar Lande, fekk spellemannsprisen for 2005 i klassa for folkemusikk og gamaldans.

Spellemannprisen blei i år delt ut for 33. gang, med direktesendt show på TV2.

Vidar Lande vann prisen for dobbel-CDen "Sordølen" som både i lyd og tekst presenterer utviklinga i folkemusikken frå Setesdal. CDen blei presentert under Landskappleiken i Eidfjord i fjor.

CDen " Sordølen"er spesiell på fleire måtar. Utgjevinga er forsynt med eit tospråkleg teksthefte på norsk og engelsk på heile 42 sider. Vidar Lande som sjølv er ein topputøvar på hardingfele, gir i tekstheftet grundig innsikt i det musikalske materialet.

Vidar Lande er til dagleg knytt til høgskolens folkekulturstudier i Rauland. Og det rike og kreative musikkmiljøet i Vinje fekk dobbel uttelling under spellemannsprisutdelinga da storfavoritten Odd Nordstoga både fekk prisen som beste mannlege artist og blei Årets spellemann.

Vidar Lande blei i 2003 som den første i Europa tilsett som professor i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark. Han er utdanna filolog frå Oslo Universitet, har MA-grad i filosofi frå Brock University, Ontario, Canada og er filosofisk doktor (PhD) frå University of Ottawa/Université d'Ottawa i Canada.

Han har ved sida av dei akademiske studia drive eit omfattande innsamlingsarbeid av folkemusikk og hatt ei mengd konsertar og folkemusikalske program i inn- og utland. Han har også publisert bøker og artiklar om filosofiske og folkemusikalske emne.

Les meir:

 

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 28.02.2005