1547 søkjarar får plass
1547 søkjarar har i desse dagar fått ja på søknaden sin om studieplass ved eit av grunnstudia ved Høgskolen i Telemark. Det er 144 færre enn i fjor, dels fordi departementet har redusert opptakskvota til vernepleiarstudiet.
- Vi merkar nå at arbeidsmarknaden er bedre. Det gir færre tilbod til søkjarar som har våre studium på andre plass eller lågare prioritet på søknadsskjemaet sitt, seier studiedirektør Bjørn Goksøyr og opptaksleiar Terje Dehli Jacobsen.
Etter at hovudopptaket til universitet og høgskolar nå er gjennomført, og det er framleis ledige plasser på fleire studium ved Høgskolen i Telemark.
Oversikten over desse studia kallast Restetorget 2006.
- Gå til Restetorget
Utanom dei helse- og sosialfaglege studia er det likevel generelt tre prosent fleire førsteprioritetssøkjarar enn i fjor - dei som har eit studium ved Høgskolen i Telemark på topp - som nå får tilbod om studieplass.
Det er i samsvar med auken i talet på søkjarar som Høgskolen i Telemark hadde etter fristen 15. april for studieåret 2006-2007.
Medan søkjartalet på landsbasis da gjekk ned med to prosent, hadde Høgskolen i Telemark ein auke på tre prosent.
Av dei totalt 1547 søkjarane som nå ved hovudopptaket 20. juli har fått tilbod om studieplass til grunnstudia, hadde 1067 Høgskolen i Telemark som førsteprioritet.
Flest åpne studium
Etter at søkjarane har sendt inn sine vitnemål, er søknadene behandla gjennom det felles nasjonale opptaksorganet SO, Samordna opptak. Dei som er kvalifiserte, har fått tilbod om studieplass frå dei respektive høgskolane og universiteta.
Ved dei fleste studia ved Høgskolen i Telemark er det kapasitet til å ta i mot alle kvalifiserte søkjarar, medan det på nokre av dei mest søkte studia er karakterar og eventuelle alderspoeng som avgjer.
Dette gjeld blant andre dei sosial- og helsefaglege studia der også høgskolen i tillegg av kapasitetsomsyn i år sjølv har sett eit lågare tak.
Færre på 2. og 3. prioritet
- Men vi ser at det er sendt færre tilbod om studieplass til dei som har hatt Høgskolen i Telemark på andre, tredje eller lågare prioritet. Det betyr at det er fleire enn tidlegare som nå har fått plass på den høgskolen eller universitetet dei har øverst på lista, seier leiar av opptakskontoret ved HiT, Terje Dehli Jacobsen.
- Betre arbeidsmarknad gjer nok at det landsbasis er færre som søkjer høgare utdanning.
Redusert kvote
Ved vernepleiarstudiet har Kunnskapsdepartementet redusert opptakskvota for HiT frå 50 i fjor til 25 i år.
I tillegg er det i år ikkje opptak til deltidsvarianten av vernepleiarstudiet som Høgskolen i Telemark har i Borre i lokala til Høgskolen i Vestfold. Her er det opptak annakvart år. I fjor fekk 60 søkjarar tilbod om plass på dette populære studiet.
Innan 26. juli må søkjarane svare på om dei tek i mot den studieplassen dei nå har fått tilbod om.
Påbyggingsstudier i tillegg
Talet på søkjarar til grunnstudia utgjer likevel bare rundt 60 prosent av dei som har søkt studieplass ved Høgskolen i Telemark frå hausten av.
Påbyggingsstudia - det vil seie der søkjarane alt har høgre utdanning - blir det søkt direkte til via den enkelte høgskolen eller universitetet. Her er oversikten for Høgskolen i Telemark ennå ikkje klar.
-Bare ein indikasjon
- Talet på tilbod tilbod om studieplass nå er likevel bare ein indikasjon på kor mange studentar vi får komande studieår, seier studiedirektør Bjørn Goksøyr.
- Det endelege svaret får vi når vi ser kor mange av dei som svarar ja, som faktisk møter opp til studiestart og deretter blir registert som student ved at dei betaler semesteravgifta.
Studiestart for studieåret ved Høgskolen i Telemark er måndag 21. august.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 20.07.2006