Dr.grad om formgiving og design

Korleis fagområdet formgiving og design har vakse fram i norsk skole, har førstelelektor Bjørn Magne Aakre ved Høgskolen i Telemark studert i doktorgradsarbeidet sitt.

Bjørn Magne Aakre
ikon zoom

Design og estetikk er viktig grunnlag for å forstå vår tid, seier førstelektor Bjørn Magne Aakre.

Form, design og estetikk har etter kvart vunnen brei og allmenn interesse. Det kjem til uttrykk i litteratur og media, i offentlege utgreiingar og i vala våre av varer, tenester og livsform.

- Men det er bare i løpet av dei siste par ti-åra "design" har fått innpass som omgrep i norsk skole, seier Bjørn Magne Aakre.

Han disputerte til doktorgraden sin ved NTNU 26. oktober.

Design og estetikk som livsform

Bjørn Magne Aakre har studert formgiving og design i eit didaktisk perspektiv, og dokumentert korleis fagområdet har blitt forma av ulike samfunnssyn, fagtradisjonar og oppfatningar om kva som er god undervisning og læring.

- Design og estetikk er tett knytt til vår tids levemåte og livsform. Derfor er dette fagområdet også viktig i undervisningssamanheng, seier Bjørn Magne Aakre.

Meir enn "pent" og "stygt"

- Design og estetikk handlar ikkje bare om "pent" eller "stygt", men er eit grunnlag for å forstå vår tid og omgivelsane våre, understrekar han.

Med inspirasjon blant anna frå den radikale tyske arkitektur- og kunstskolen Bauhaus frå 1920- og 1930-talet, formulerer Bjørn Magne Aakre ei teoretisk referanseramme for det didaktiske aspektet ved fagområdet kunst, design og estetikk.

- Design, formgiving og estetikk har vore svakt teoretisk utvikla som didaktisk fagområde, særleg i Norge. Eg håper eg har bidratt til meir forståing, seier han.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av  - 23.11.2006