Førebuing til Europafinalen

I perioden 7.- 8. juli skal åtte HiT - studentar forsvare Noreg i Europameisterskapet i studentbedrift i Nederland. Då gjeld det å overtyde ein europeisk toppjury om at produktet dei har utvikla er verdt å satse pengar på.

ikon zoom

Noreg stiller med HiT-studentbedriftene Flush og Regtek i europamaisterskapet i studentbedrift 7.-8. juli. Bildet er frå Nyskapingscupen i år der Flush mottok Vekst i Grenland prisen, f.v.: Øystein Strøm, Kim Bøe, Thomas Endresen og Martin Hvassing.

Totalt deltek 13 studentbedrifter frå ulike land i Europa. Noreg stiller med studentbedriftene, Flush og Regtek, som begge er tilknytt Høgskolen i Telemark.

Juryen, som består av investorar og ekspertar frå toppsjiktet i europeisk næringsliv, får virtuelt 50.000 euro som dei skal investere i det produkt dei meiner har størst marknadspotensial. Andre kriterium dei vil sjå etter er nytenking og lagånd.

Førstepremien er på 1.500 euro (NOK 11.900).


Tek det som ferie
Jonny Hauge i Regtek er ferdig med bachelorgraden i elkraftteknikk ved Høgskolen i Telemark og er i jobb, men fortel at trykking av plakatar og noe finjustering må gjerast før avreise.

1. juli køyrer to av gutane i Regtek til Maastricht i Nederland med utstyr og stand både til seg sjølv og Flush. Nederlandsturen blir meir eit avbrekk i sommarferien framfor ein konkurranse om liv og død, i følgje Hauge. Og han legger ikkje skjul på at konkurrenten Flush har eit bra produkt.

- Flush har eit godt produkt i ein internasjonal samanheng. Eg har tru på dei, men vi skal gjere vårt beste, fortel ein sympatisk Hauge på telefon frå Karmøy.

Regtek vant 1. plassen i Norgesmeisterskapet i studentbedrift med sine teneste til vattnbaserte varmepumpeanlegg.

Media - yndlingar
Flush har utvikla et mekanisk og vedlikehaldsfritt automatisk rensesystem for vattnklosetter. Dei tok 2. plass i Norgesmeisterskapet, og fekk i tillegg Ferd-prisen for best internasjonalt potensial.

I ettertid har Flush vore godt syneleg i nyheitsbilete, både lokalt og nasjonalt. I Aftenposten fredag 23. juni var det et langt intervju om gutane bak ” den automatiske dovaskaren”. Seinare på dagen var gutane intervjua på radiokanalen, Kanal 24.

Dei har også møtt EUs visepresident Günter Verheugen som var tydelig imponert over det innovative produktet.

For tida jobbar Flush med presentasjonen og finpussar engelsken før avreise. På spørsmål om de kjenner eit ekstra forventningspress etter alt oppstyret er svaret klart nei frå Martin Vassing i Flush.

Laurdag 8. juli blir det avgjort kven som blir europameister i studentbedrift.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 06.07.2006