Jubileumsstart med sjøllaga cello
HiT-student Halvor Hovden opnar jubileumsutstillinga onsdag med spel på sjøllaga cello, og Åse Kleveland og Gudmund Hernes er blant foredragshaldarane torsdag når organisasjonen Kunst og design i skolen feirar 75 år. Dette er et samarrangement mellom Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Telemark.
Åse Kleveland er blant foredragshaldarane ved jubileet der HiT-student Halvor Hovden opnar med spel på sjølvlaga cello.
- Denne interesseorganisasjonen skapte ein av forløparane til Høgskolen i Telemark, daverande Statens sløyd og tegnelærerskole på Notodden frå 1936, seier Kari Carlsen ved Høgskolen i Telemark, medarrangør og sjølv blant foredragshaldarane.
Jubileumsutstillinga med opning onsdag blir halde i Norsk Form, Norsk Design- og Arkitektursenter, medan den tre dagar lange konferansen er lagt til Høgskolen i Oslo.
Saman med musikar og student Halvor Hovden på sjølvlaga cello, utgjer sang av Vicky Maria Hvidsten det musikalske innslaget ved utstillingsopninga. Ho er tidlegare HiT-student.
- I ei tid der merksemd og ressursar i stor grad er retta mot realfag i skolen, ønskjer vi å rette søkelyset på fagområdet kunst og design.
Kompetanse innan dette fagområdet er viktig i eit større samfunnsperspektiv, seier Kari Carlsen.
- I mediene blir det nye tverrfaglige temaet i Kunnskapsløftet som heiter Teknologi og design ofte knytta opp mot matematikk og naturfag. Men kunnskapsområdet frå faget Kunst og håndverk er avgjerande for at det tverrfaglege emnet skal bli vellykka, understrekar ho.
Jubileumskonferansen blir opna torsdag av statssekretær Lisbeth Rugtvedt. Direktør Rikskonsertane, Åse Kleveland, har "Våre visuelle omgivelser" som tema, medan Gudmund Hernes, tidlegare undervisningsminister og nå forskar ved Fafo, ser båda bakover og framover med "Blikk og grep. Gamle røtter og nye skudd ".
Forutan Kari Carlsen er Ella Melbye og Arne Marius Samuelsen foredragshaldarar frå HiT.
Sjå:
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 19.09.2006