Ønskjer menn i omsorgsyrker

Helse- og sosialsektoren skriker etter menn, mens det er få menn som søkjer seg til sektoren. Høgskolen i Telemark har teke initiativ til eit prosjekt som skal sikre omsorgsyrker større tilfang av menn. Bakkane bo - og behandlingssenter i Skien har allereie stilt seg til disposisjon.

I dag er det 12,5 % mannlege studentar ved sykepleie- og vernepleiestudia på Høgskolen i Telemark. Med prosjektet "Menn i omsorgsyrker" ønskjer man å rekruttere fleire menn til helse- og sosialfagstudia.
ikon zoom

I dag er det 12,5 % mannlege studentar ved sykepleie- og vernepleiestudia på Høgskolen i Telemark. Med prosjektet "Menn i omsorgsyrker" ønskjer man å rekruttere fleire menn til helse- og sosialfagstudia.

- Dette er ein langtidsstudie som skal gå over 4-8 år. Vi ønskjer å rekruttere fleire menn til helse- og sosialfagsutdanningar og seinare tilsetje dei, så då trengjer vi litt tid, fortel leiar i styringsgruppa og førstelelektor ved HiT, Sigrun Ø. Gundersen.

Bakkane bo- og behandlingssenter er eit botilbud for eldre demente og opnar høsten 2007. Målet er å oppnå ein lik kjønnsfordeling av tilsette i ein eller fleire avdelingar ved bo- og behandlingssenteret.

Gundersen trur at arbeidsmiljøet blir betre når kjønnsfordelinga er jamnare. Dette er også ein hypotese ho ønskjer å teste ut. Menn og kvinner tilfører ein arbeidsplass ulik kompetanse. Menn kan tilføre omsorgsyrket fleire faglege kvalifikasjonar og saklegskap, meiner Gundersen. Og dette vil igjen kome pasientane til gode.

Eigne grupper for menn
Prosjektet har fått 400.000 kroner i stønad frå Sosial- og helsedirektoratet. I tillegg har Fylkesmannen i Telemark og høgskolen støtta prosjektet økonomisk. I styringsgruppa sit representantar frå organisasjonar og arbeidsgivarar. No jobbar dei med å tilsetje ein prosjektleiar.

Marknadsføringstiltak for å rekruttere fleire menn til helse- og sosialfagsutdanningar utgjer ein viktig del av prosjektet.
- Vi ønskjer å markere oss som ein høgskole kor vi legg til rette for mannlege studentar. Vi ønskjar eigne grupper i klassa berre for menn og vi ønskjer å gje mannlege studentar rettleiing av menn. På sikt vil det kanskje vere aktuelt med kvotering av menn, fortel Gundersen som ser at det er et langt lerret å bleikje.

Menn må få vere menn
Det har lenge vore forska på kjønnsdimensjonen i omsorgsyrker, og truleg må dei kvinnedominerte miljøa også gå i seg sjølv for at fleire menn skal trivast.

Måten menn løyser oppgåvene på er ikkje noko dårlegare enn korleis kvinner løyser dei, sjølv om dei gjer det på ein annan måte. Menn må få vri opp kluten på sin måte, understreker Gundersen og sikter til ein typisk episode frå arbeidslivet. Og ofte hald det ikkje med ein mann på ei avdeling. Det må fleire til.

Då er det berre å håpe at dei mannlege tilsette på Bakkane bo- og behandlingssenter får vri opp klutane på sin eigen måte.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 04.01.2007