Tilbod til spanskinteresserte
Hausten 2006 tilbyr Høgskolen i Telemark nybegynnarkurs i spansk. Studietilbodet er et resultat av mangelen på lærarar som kan spansk, særleg i grunnskolen og vidaregåande skoler.
- Spansk har etter kvart tatt over som det framandspråket som flest er interessert i i norsk skole. Det gjeld først og fremst vidaregåande skole, men og i grunnskolen blir det meir og meir vanleg å ønskje spansk som framandspråk , fortel konsulent Birgit Norendal ved studiestad Bø.
Frå studiestart 2006 tilbyr høgskolen eit innføringskurs i spansk som gir 15 studiepoeng. Våren 2007 kan man ta spansk for vidarekommande som gjer nye 15 studiepoeng. Historie, litteratur- og kulturkunnskap i den spansktalande verda vil vere ein del av pensum.
Både studiestad Bø og Porsgrunn tilbyr kurs i spansk. På sikt planleggar Høgskolen i Telemark eit årsstudium i spansk.
Bachelorstudentar i språk og litteratur kan nå velje mellom meir enn norsk og engelsk når spansk no inngår i studietilbodet ved HiT. Norendal trur også at det er mange som gjerne vil lære seg spansk på ein litt meir forpliktande måte enn gjennom vanlege språkkurs.
Studiet er ikkje oppført i studiekatalogen men marknadsførast med lokalt opptak direkte til høgskolen. Søknadsskjema lastes ned her.
Spansk er et av verdas mest talte språk, er offisielt språk i 19 land, og tales av 266 millionar mennesker blant anna i Spania, USA, Mexico og Mellom Amerika.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone, sist oppdatert av Ingvild Gjone Sildnes - 18.05.2006