Tre studentbedrifter til NM
Måndag var det Telemarksmeisterskap for studentbedrifter. Med sitt system for automatisk reingjering av toalett tok studentbedriften Flush førsteplassen. Andre og tredje plass gjekk til Park Pro og Regtek.
Maskiningeniørene Martin Hvassing, Kim Bøe og Thomas Endresen i
Flush er opptatt av dohygiene og har utvikla et toalett som gav dei 1.
plass i Telemarkmeistesskapet i studentbedrifter.
Alle studentbedriftene har utspring ved Høgskolen i Telemark.
Bak forretningsideen Flush står Martin Hvassing, Kim Bøe, Thomas Endresen og Øystein Strøm.
I staden for vanleg såpeblokk festa rundt toalettringen, har gutane installert ein behaldar på innsida av cisterna , ryggen til toalettet,som spylar reint vann og såpe til alle delar av toalettet. Ikkje berre i doskåla.
– Løysninga førebygger bakterievekst inni og overalt der vatnet går. Dessutan er den behovsstyrt, og fungerer berre når doen er i bruk. Derfor er det også ein miljøgevinst å hente, forklarer Thomas Endresen som saman dei andre studerer til maskiningeniørar på studiestad Porsgrunn.
Siktar mot gull
Dette var juryens omtale av prosjektet: ”Høg grad av nyskaping og innovasjon, prosjekt med godt marknadspotensial. Helt tydelig eit resultat av hardt og godt arbeid”.
Og det kan vinnarane stadfeste. Store delar av 3. året har gått med til å utvikle toalettet. Ein dag i veka har fort blitt til tre, derfor var det ekstra stas å vinne.
- Vi siktar mot gull, seier dei, og tenkjer på NM for studentbedrifter som går av stabelen 28. mars.
Hjelp til festivalarrangørar
Studentbedriften Park Pro består av tre jenter ved studiet Innovasjon og Entreprenørskap i Bø. Dei fekk ei fortent 2. plass for søppelryddingsmaskinen som skal samle opp søppel etter store arrangement utandørs.
- Småavfall som sneipar, glasskår og plast må i dag plukkast opp for hand. Vi ønskjar å utvikle ein maskin som klarer å suge opp småavfall, seier Harriet Slaaen som saman med Anette Nygårdsmoen og Wenche Synnøve Larsen har utviklet ein prototype som skal effektivisere denne jobben.
Slaaen har sjølv plukket søppel for hand etter Dyrsku’n, og vet at det per dags dato ikkje finnas ein maskin for dette. De har også hatt kontakt med Roskildefestivalen i Danmark som har vist stor velvilje for ideen.
Billigere strøm til forbrukaren
Øyvind Salvesen, Fredrik Njåstad, Johnny Hauge og Christer Mathisen i Regtek vil hjelpe kundane til å få mest mogleg ut av varmepumpeanlegg.
Dette gav dei ein 3. plass, og juryen meinte dei hadde funnet ein nisje innanfor det som kan bli ein landsdekkande kjedebedrift og ny spesialutdanning.
Suksess med studentbedrifter
HiT har hatt et sterkt fokus på studentbedrifter. I 2005 gjorde HiT reint bord under NM for studentbedrifter med gull til Teach SB og sølv til BlueMe SB. Dei suksessrike studentbedriftene frå Høgskolen i Telemark fekk også topplasseringar i Europameisterskapet for studentbedrifter i Romania same år.
”Noregs beste studentbedrift 2006” blir kåra i Oslo 28. mars.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone, sist oppdatert av Ingvild Gjone Sildnes - 03.03.2006