Eventyra lever vidare
- Dei fleste oppfattar eventyra som rotekte norske. Men det er feil. Sjølve eventyra, forteljingane, er i høgste grad internasjonale, seier professor Olav Solberg ved Høgskolen i Telemark.
Nå har han skrive boka "Inn i eventyret" om norsk og europeisk forteljarkunst.
Og linene kan trekkjast enda lengre attende. Eventyret "Mannedattera og kjerringdattera" blei skreve ned av romarane allereie for rundt 2000 år sidan.
Opp gjennom tidene har dei munnlege eventyrforteljingane verka inn på den skrivne teksten - og omvendt.
Peder Asbjørnsen og Jørgen Moe såg si innsamling og bearbeidinga av folkeeventyra på 1800-talet som del av den norske nasjonsbygginga.
Dermed kom det felles internasjonale opphavet til eventyra i bakgrunnen.
Tilpassa nasjonalromantikken
Asbjørnsen og Moe hadde dei tyske brødrene Grimm som ideal i innsamlingsarbeidet sitt.
Eventyra dei samla inn blant norske bønder og husmannsfolk er ein del av ein vesteuropeisk eventyrtradisjon med røter tilbake til norrøn og antikk litteratur.
Når Asbjørnsen og Moes eventyr verkar så norske, er det fordi dei er tilpassa nasjonalromantikken og nasjonsbygginga på 1800-talet.
-Men eventyra blir ikkje dårlegare av det, understrekar Olav Solberg.
Framifrå diktarar
Asbjørnsen og Moe var ikkje bare samlarar. Dei var og framifrå diktarar og stilistar og skapte eit eventyrspråk som var norsk i setningsbygning og ordtilfang.
- Asbjørnsen og Moe fortener den sentrale plassen dei har. Men det var mange andre som samla inn eventyr. Her i Telemark har vi Richard Berge som samla inn fleire eventyr enn dei to, peikar han på.
Mykje på papir
I den europeiske eventyrtradisjonen er det identifisert nær 2500 eventyrforteljingar.
Det er heller ikkje rett at eventyra er ein rein munnleg tradisjon. Særleg etter at trykkekunsten blei oppfunnen fantes dei ofte på papir.
Ikkje bare for barn
- Vi trur eventyra særleg er dikting for barn. Men opphaveleg var det slett ikkje det. Også mange norske eventyr har vaksne tilhøyrarar som føresetnad, men dei kan lesast på fleire vis, sier Olav Solberg.
Eventyra uttrykker allmennmenneskeleg livsvisdom som at gjort er gjort, og fortida er fortid. Det som betyr noko, er korleis vi kjem oss vidare i livet.
Harry Potter
Eventyrtradisjonen lever i høg rad vidare. I eit kapittel i boka ser Olav Solberg særleg på den britiske eventyr- og fantasidiktinga.
J.K. Rawlins Harry Potter, J.R.R Tolkiens Hobbiten og Ringens Herre og Roald Dahls forteljingar byggjer på denne eventyrtradisjonen.
Boka "Inn i eventyret" følgjer eventyrsjangeren i europeisk tradisjon. Olav Solberg har også med kapittel om eventyrteoriar, og om sentrale eventyrdiktarar og -samlarane som H.C. Andersen ved sida av Asbjørnsen og Moe og brødrene Grimm.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 14.06.2007