Fashion-fesjå på Rauland

Studentane ved Høgskolen i Telemark på Rauland slår til med eiga moteoppvisning - eller fashion-fesjå - under årets Kunst- og handverksdagar. Folkekunststudentar viser også sine produkt i tekstil og metall.

(Bilde) HiT-studentane på Rauland står bak "fashion-fesjå" til helga
ikon zoom

HiT-studentane på Rauland står bak "fashion-fesjå" til helga

Kunst- og handverksdagane 2007 på Rauland blir arrangert komande helg. HiT-studentane er blant hovuddrivkreftene både i konsertar, framsyningar og og utstillingar.

Eit av dei populære innslaga er den årlege avslutningskonserten til studentane ved folkemusikkstudiet.

Her vil ein få høyre både tradisjonelle solistiske innslag med kveding og spel og meir eksperimentelle innslag med spanande samansetjingar av song og ulike instrument.

Masterutstilling
Ei av utstillingane syner arbeid som folkekulturstudentane har utført gjennom året.

Målet har vore å tileigne seg kunnskap i ulike tradisjonar og å arbeide med fornying i materiala tre, metall og tekstil. Også masterstudentane viser fram arbeida sine etter 2 års studium.

Fashion-fesjå
Veronika Glitsch, tidlegare student, som i år deltok på moteveka i Oslo med stor suksess, har regi på visninga, og ho vil også vise eigne produkt. Veronika lagar klede av gjenbruksmateriale og økologiske tekstilar. Fargane ho bruker er miljøvennlege.

Kunst- og handverksdagane i Rauland er eit samarbeid mellom Høgskolen i Telemark, DyreVaa-samlingane, Skinnarlandsamlinga, Handverksnemda i Bygdelaget, Raulandsakademiet, Rauland Turist, I.L. Dyre Vaa og Rauland Musikkorps.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 06.06.2007