HiT har inntatt fjesboka

Ordet Facebook kjem frå skolekatalogar i USA, som blir delte ut til nye studentar på høgskolar og universitet. Nå har også norske høgskolar inntatt nettsamfunnet, og Høgskolen i Telemark er registrert med 40 nettverksgrupper i fjesboka.

Skjermbilde av HiT-nettverk på fjesboka.
ikon zoom

På Fjesboka held noverande og tidlegare studentar ved Høgskolen i Telemark kontakten. HiT er registrert med 40 nettverk på det populære nettsamfunnet.

På under eitt år har det amerikanske nettsamfunnet Facebook klart å bli ein sentral møteplass og samfunnsarena for 721 000 nordmenn. Her opprettar ein sin eigen brukarprofil og held kontakt med venner og kjende. Nettsamfunn har lenge vore ein tenåringssyssel, men ifølgje SINTEF-forskar Petter Bae Brandtzæg, er dei over 24 år den raskast veksande norske brukargruppa på Facebook.

875 medlemmer
Høgskolen i Telemark er registrert med 40 nettverk i fjesboka. Det største nettverket, ”Høgskolen i Telemark, avd. Bø”, har 875 medlemer. Deretter kjem ”Høgskolen i Telemark, avd. Notodden” med 673 medlemer. ”Førskolelærere av ypperste klasse, kull 2004-2007 HIT” og ”Y-veien i Porsgrunn” er eksempel på andre nettverk. Alle er oppretta av studentar som går eller har gått på Høgskolen i Telemark.

Studentar ivrige på fjesboka
Anne Patricia Opheim går tredje året på språk og litteratur ved Høgskolen i Telemark. Ho registrerte seg i fjesboka allereie i mars og var blant dei fyrste brukarane i landet.

- Eg er innom når eg sit på PC'en - så det blir ganske ofte. Eg bruker Facebook som eit kommunikasjonsmiddel og til å sende meldingar til andre. Det som er så artig, er at eg har funne gamle kjende eg har mista på vegen - som eg no har fått kontakt med, fortel ho.

Opheim er også medlem i eit av nettverka til Høgskolen i Telemark, men ho gjer ikkje noko spesielt der bortsett frå å vere medlem.

Oppretta av Harvard-student
- Dette er noko studentane opprettar utan medverknad frå oss, og det viser at dei har eit stort behov for å halde kontakten med noverande og tidlegare studentar i Høgskolen i Telemark, fortel informasjonssjef Per Holtung.

Å halde kontakten med gamle skolekameratar var også føremålet då nettstaden blei oppretta av Harvard-student Mark Zuckerberg i 2004. Fjesboka var meint som et internt nettverk for universitetsstudentar på Harvard. I dag har nettsamfunnet over 25 millionar brukarar på verdsbasis.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 16.11.2007