HiT skal forsvare Noregs ære
Torsdag 28. juni skal studentbedriftene Punch og Cool frå Høgskolen i Telemark kjempe om å bli europameister når europameisterskapen i studentbedrift går av stabelen i Oslo.
Torsdag har både Punch SB og Cool SB høve til å halde på HiT-tradisjonen under EM i Oslo. F.v.: Espen Gundersen, Yrjan Bergsmark, Rikke Mæhle, Kjetil Andersen og Daniel Person i Cool SB.
I pressemeldinga frå arrangøren av EM i studentbedrift, Ungt Entreprenørskap, står det:
”Når EM for Studentbedrifter starter på onsdag, er det to teknologibedrifter fra Høgskolen i Telemark som skal forsvare Norges ære; Cool SB har utviklet en solcelledrevet kjølebag, mens Punch SB har funnet nye løsninger på et gammelt problem i byggebransjen.”
I fjor vann studentbedrifta Flush SB frå Høgskolen i Telemark fyrsteplass i europameisterskapen med deira system for automatisk hygenisk reinhald av toalett. No er det Punch SB og Cool SB sin tur til å kjempe mot dei 12 beste studentbedriftene i Europa.
Sjølve prisutdelinga skjer på torsdag under den høgtidlege middagen.
Høge krav
Ein jury samansett av internasjonale investorar og næringslivstoppar skal vurdere studentbedrifta sin forretningsplan, eigenpresentasjon, stand og produkt. I tillegg skal deltakarane gjennom krevjande intervju. Alle bedriftene får fire minutt på seg til å presentere produktet sitt for ein fullsett sal på Hotel Radisson Scandinavia.
Alt skjer på engelsk. Også stand og presentasjonsmateriale har blitt omsett til engelsk i framkant av europameisterskapen.
Kongeleg glans
Både HKH kronprins Haakon og kommunal- og regionalminister Åslaug Haga har fatta interesse for arrangementet og begge ønskjer å helse på HiT-studentane. Det er venta stor interesse for arrangementet, både frå riksdekkjande aviser og TV.
Punch SB
Punch SB blei noregsmeister under NM i Bodø i april. I tillegg fekk dei Innovasjonsprisen, som Innovasjon Noreg står bak, Nordeaprisen, som går til den studentbedrifta som har den beste forretningsplanen, og Designprisen.
Punch SB har utvikla eit verkty som lagar hol med avrunda fals i stålstendarane i moderne bygg. Dette gjer det langt enklare å trekkje røyrleidningar i store bygg, og vil forenkle kvardagen for både røyrleggjarar og elektrikarar.
Punch SB består av Y-veg-studentane Morten Heiberg, Hans Rinde, Knut Inge Hovet og Alf Helge Hermansen.
Cool SB
Cool SB består av ingeniørstudentane Rikke Mæhle, Daniel Person, Yrjan Bergsmark, Kjetil Andersen og Espen Gundersen.
Cool SB blei bronsevinnarar i NM og fekk den gjeve Ferdprisen som går til den studentbedrifta som blir vurdert å ha størst internasjonalt potensial.
I juni blei Cool SB gitt ein pris på 10.000 kroner i ein lokal konkurranse som Vekst i Grenland stod bak.
Cool SB har utvikla ein kjøleboks som blir driven av solcellepanel. Solcellebagen frå Cool SB har vakt mykje interesse frå blant andre solcelleprodusenten REC Scanwafer.
Høgskolen i Telemark ønskjer dei to studentbedriftene lukke til med EM!
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 29.06.2007