Idrettspolitikken har sin eigen logikk
Idretten og idrettspolitikken har sin eigen logikk, og blir mindre påvirka av eit lands generelle politiske struktur og prosessar enn ein kanskje skulle tru, seier professor Per Mangset ved Høgskolen i Telemark.
Saman med forskarkolleger presenterer han nå ei bok om idrettspolitikk. Dei har undersøkt og samanlikna utviklinga i Norge, Tyskland, England og Canada.
Sterk vekst
Det har vore ein jamn og kraftig auke i samfunnets satsing på idrett – og toppidrett spesielt. Det offentlege engasjementet har også vore i sterk vekst dei seinare åra.
- Det er er ikkje så overraskande at dette skjer i land der idretten er samla i ein overgripande felles organisasjon, som Norges Idrettsforbund hos oss. Tyskland har tilsvarande, forklarer Per Mangset.
Egalitær retorikk
- Men også i England og Canada - som ikkje har ein sentral idrettsorganisasjon - har utviklinga av idrettspolitikken vore forbausande lik den vi finn hos oss, seier han.
- Norge skil seg likevel litt ut. Organiseringa av toppidretten utvikler seg i samme retning som andre land, men retorikken er meir egalitær. Tema som aldersgrenser i barneidrett er nok litt spesielt for oss.
Thacher hata idrett
Den meir systematiske offentlege satsinga på toppidretten starta i Aust-Europa og Australia. Men utviklinga skjedde snart parallelt i mange land. Og Olympiatoppen og Toppidrettssenteret i Norge er del av denne trenden.
- Til og med i England på Margaret Thachers tid - ho som hata idrett - blei det meir satsing på eliteidrett. Men det skjedde særleg etter at John Major overtok, seier Per Mangset.
Idrettstinget
Norges idrettsforbund har denne helga sitt idrettsting, og boka "Sport Policy. A comparative analysis of stability and change" gir nyttig kunnskap om kva det er som formar idrettspolitikken både frå idrettens og det offentleges side.
Per Mangset, tilknytta både Høgskolen i Telemark og Telemarksforsking Bø, har leia forskinga bak boka. Dei andre bidragsytarane er Nils Asle Bergsgard, Telemarksforsking-Bø, Svein Ingve Nodland og Hilmar Rommetvedt frå International Research Institute of Stavanger og Barrie Houlihan frå Loughborough University i England og Høgskolen i Telemark.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 14.05.2007