Klart for tredje doktorgradssøknad

På vegen mot universitet har styret for Høgskolen i Telemark nå godkjent å sende søknaden om doktorgradsstudium nr. 3. Fagområdet for studiet er "økologi".

(Bilde: Studenter i kjemilaboratorium
ikon zoom

Styret har nå sagt ja til å sende søknaden om det tredje doktorgradsstudiet ved Høgskolen i Telemark

Utgreiingsgruppa bak det nye doktorgradsstudiet fekk mykje ros i styret. Men medan gruppa hadde "miljø og genetisk mangfald" som framlegg til namn på studiet, vedtok styret at "økologi" var meir passande.

- Det er viktig at det er Høgskolen i Telemark som eig doktorgradsutdanningane, ikkje den enkelte avdeling eller institutt. Og namnet "økologi" opnar meir for at andre, som for eksempel teknologimiljøa og pedagogikkmiljøa i HiT, kan bidra i doktorgradsprogrammet, sa Rune Nilsen, eksternt styremedlem og til dagleg professor ved Universitetet i Bergen.

Fokus på forskargruppene
- Det får fokus bort frå avdeling, institutt og enkeltforskarar og vil i staden løfte fram forskingsmiljøa og forskargruppene, la han til.

Rune Nilsen understreka samstundes at HiT vil vere tent med å utvikle eit inkluderande forskarutdanningsmiljø ved at også masterstudentane blir trekte med.

Tre av fire
Før søknaden blir sendt akkrediteringsorganet NOKUT, har rektor fullmakt til saman med utgreiingsgruppa å ferdigstille søknader i samsvar med det nye namnet på doktorgradsstudiet.

Frå før har styret godkjent å sende tilsvarande doktorgradssøknader innan gass- og energisystem og innan kulturstudiar.

For å oppnå universitetsstatus krevst det minst fire sjølvstendige doktorgradsutdanningar.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 23.10.2007