Nedteljing til VIKO

Det blir meldt om at VIKO 2007 blir dei 10 beste dagane i Bøs historie. Store namn som Sivert Høyem, Morten Abel, Backstreet Girls og Valentourettes står på plakaten. Ansvarleg for VIKO Marte Skogtrø har alt under kontroll sjølv om ho ønskjer seg fleire timar i døgnet.

VIKO-leiar Marte Skogtrø gleder seg til Morten Abel og alle dei andre kjem til Bø under VIKO 15.-24. februar.
ikon zoom

VIKO-leiar Marte Skogtrø gleder seg til Morten Abel og alle dei andre kjem til Bø under VIKO 15.-24. februar.

- Det er jo framleis tre veker til så det er alltid noko som står att. Nye detaljar fell på plass kvar dag. Dei store konsertane og arrangementet er i boks. No er det marknadsføring som gjeld. Dessutan treng vi frivillige. Ho som jobbar med personal har mykje å gjere, fortel VIKO-leiar Marte Skogtrø.

Dei har sett saman eit spennande program beståande av konsertar, vikorevy, pokerturnering, temafesten ”Casino Royale”, kunstutstilling ved Marius Martiniussen, filmkveld, radiokurs, fotballturnering, forfattarkveld og dansekurs.Viko i Bø varer frå 15. – 24. februar.

I dei neste vekene blir VIKO-styret å finne på stand i foajéen på studiestad Bø. Her kan ein kjøpe billettar, og det er også mogeleg å melde seg som frivillig.

Ønskjer segfleire timar i døgnet
Planlegginga av VIKO 2007 starta i september. Jobben er basert på 100% frivilligheit. Ingen tener pengar på jobben dei gjer, fortel leiaren som ikkje kan få fullrosa dei nok.

- Eg har eit fantastisk styre, vi samarbeider godt og folk er flinke til å ta ansvar og gjere ting, fortel Skogtrø som tar master i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark.

- Eg får veldig god erfaring i å arrangere kulturarrangement og det er - utan tvil - viktig å få praktisk erfaring i dette yrket, sjølv om det går ut over studiet. Akkurat no skulle eg ønskje at dei neste 20 døgna hadde meir enn 24 timar.

Viktig del av studentlivet
Skogtrø håper det kjem andre enn studentar på arrangementa. VIKO er eit ope arrangement. Sjølv gleder seg til alt, og ønskjer ikkje å trekkje fram eit enkelt arrangement.

- Eg er utruleg fornøgd med programmet i år. Vi satsar stort med tett arrangementfrekvens. Det skal vere ei ekstraordinær veke. Målet er at folk skal vera på så mykje som mogeleg. Eg håper at pensumlesing ikkje står i fokus denne veka. Dette er jo ein viktig del av studentlivet, avsluttar den travle studenten.

På heimesida til VIKO I BØ finn du heile programmet.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 31.01.2007