Digital mediedesign populært

For det nye årsstudiet "Digital mediedesign" ved Høgskolen i Telemark er opptakskravet heile 53,9 konkurransepoeng. Det er eitt av resultata etter at det felles hovudopptaket til grunnstudia ved landets universitet og høgskolar nå er gjennomført.

(Bilde:) Mari Helle Hegna og Mette Venheim
ikon zoom

- Hugs å svare ja innan 26. juli på tilbodet du nå har fått om studieplass ved Høgskolen i Telemark, seier Mari Helle Hegna og Mette Venheim på opptakskontoret ved HiT.
- Fekk du ikke den plassen du ønskte, er det likevel håp. Sjå Restetorget 2008 med oversikten over ledige studieplassar.

Restetorget

Opptakskontoret ved HiT:
35 57 53 00

Til vernepleiarstudiet er opptakskravet 46,1 poeng, og dermed det HiT-studiet der kravet har auka mest samanlikna med i fjor.

Digital mediedesign skal i utgangspunktet bare ta opp 25 studentar. Opplegget for dette studiet er arbeid over internett kombinert med samlingar ved høgskolens studiestad på Notodden.

Flest studietilbod
Høgskolen i Telemark - som også har eit av dei største studietilboda av dei statlege høgskolane - er blant dei institusjonane som har flest studium med ledige plassar.

Oversikten over desse finst på Restetorget 2008 som blei opna kl. 08.00 mandag morgon.

100 ekstra alt før lunsj
Heilt frå starten var det kø på telefon inn til medarbeidarane på opptakskontoret ved høgskolen.

Alt før lunsj mandag var det registert 100 nye søkjarar til HiT gjennom restetorget.

Først til mølla
For fleire av studia på restetorget har bare svært få ledige plassar. Det er først-til-mølla-prinsippet som gjeld, og mange av studia med ledige plassar blir raskt fylde opp.

Alt fredag ettermiddag kunne søkjarane gå inn på nettsidene til det felles nasjonale opptaksorganet SO - Samordna opptak - og sjekke om dei har fått den studieplassen dei prioriterte på det elektroniske søknadsskjemaet tidlegare i år.

Dei som ikkje fekk denne plassen, og som ønskjer eit anna studium, kan nå søkje den enkelte høgskolen direkte.

Ventelister
Opptakstalla for Høgskolen i Telemark syner at det er ventelister for mange av dei som ønskjer å bli bygningsingeniør, sjukepleiar, vernepleiar, barnevernspedagog og eigedomsmeklar.

Også ved Høgskolen i Telemarks førskolelærarutdanning i Drammen og på den delvis samlings- og nettbaserte varianten av førskolelærarutdanninga er det ventelister.

37 færre
I alt er det gitt studietilbod til 1676 søkjarar ved Høgskolen i Telemark for studieåret 2008-2009. Dette er 37 færre enn i fjor. Årsaka er blant anna at det i år ikkje er opptak til det 4-årige deltidsstudiet i vernepleie som høgskolen driv i Horten.

Dei som nå har fått tilbod om studieplass, har frist på seg til 26. juli til å svare ja på tilbodet.

Fleire enn nokon gang
Samordna opptak sender i hovudopptaket 2008 ut 61 900 tilbod. Dette er 3 000 fleire tilbod enn i 2007. Med det har 91 % av dei kvalifiserte søkjarane fått tilbod om studieplass. Aldri før har så mange søkjarar fått tilbod om studieplass allereie i hovudopptaket, skriv Samordna opptak i ei pressemelding.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 04.08.2008