HiTtube og Hovefestivalen

Du har framleis mogligheit til å bli med i konkurransen om fire festivalpass til årets Hovefestival. Hovefestivalen kan bli sumarens store festivaloppleving. Men først må du lage ein film å leggje den ut på høgskulen sin eigen HiTtube innan 30. mai.

Eit utsnitt fra heimesida, HiTtuben
ikon zoom

Legg inn din sjølvproduserte film på høgskulen sin eigen HiTube og bli med i konkurransen om fire billettar til Hovefestivalen 23.- 27. juni.

12 filmar ligg no inne på HiTtuben som er høgskolen sin eigen versjon av nettstaden YouTube. Men HiTtuben har plass til enda fleire ”heimesnikra” filmar. Temaet på filmen er det du sjølv som fastset. Formatet på filmen bør anten vere i flv, mpg, wmv, avi, mp3 eller swf. Det er lurt å halde filmen under 10 MB.

Kårar den beste filmen
Etter den 30. mai vil ein jury gå gjennom filmane og kåre den beste, kreative og mest spenstige eigenproduserte filmen. Dei to beste filmane blir honorerte med to festivalpass kvar til Hovefestivalen på Tromøya utanfor Arendal 23.- 27. juni.

I fjor vann filmen fem sjukepleiarstudentar HITtube-konkurransen med filmen Testosteron.

Populær festival
Hovefestivalen er ein "ung" festival som starta opp i 2007, men har allereie klart å etablere seg med store namn på plakaten. JAY Z (US), Beck (US), Babyshambles (UK), The Kooks (UK) og The National Bank (N) er berre eitt knippe av dei mange banda som skal opptre i år.

Eitt festivalpass har ein verdi på 1890 kroner. Så kast deg ut i det og bli med i konkurransen!

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 08.05.2008