Dr. grad om ungdomsidrett og fysisk aktivitet i vaksen alder

Høgskolelektor Lise Kjønniksen ved Høgskolen i Telemark har skrive ein doktorgradsavhandling om korleis fysisk aktivitet frå tidlege ungdomsår har betydning for den fysiske aktiviteten i vaksen alder. Tysdag 25. november skal Kjønniksen forsvare avhandlinga.

Høgskolelektor Lise Kjønniksen
ikon zoom

25. november skal høgskolelektor Lise Kjønniksen forsvare sin doktoravhandling om ungdomsidretten sin betyding for den fysiske aktiviteten hos vaksne. Til dagleg underviser hun i kroppsøving ved studiestad Notodden.

”The Association Between Adolescent Experiences of Physical Activity and Leisure-time Physical Activity in Adulthood: A 10-year Longitudinal Study” er namnet på avhandlinga som skal forsvarast ved Universitetet i Bergen i neste veke.

Følgt 924 ungdomar over ti år
Fysisk aktivitet har vore eit politisk satsingsområde i Noreg dei seinare åra, men det er likevel svært få studium som omhandlar endring av fysisk aktivitet (nivå) frå tidlege ungdomsår og over i vaksen alder. Avhandlinga undersøkjer viktigheita av å oppmuntre unge til å delta i fysisk aktivitet i oppveksten.

Arbeidet er basert på ei langtidstudie (”Voksen i år 2000”- VISST) av 924 ungdomar i Hordaland fylke som har svart på spørjeskjema over ein tiårs periode. Dei same temaa er tekne opp frå 13-års alder i 1990 til 23-års alder i år 2000.

Gutar hadde størst fysisk nedgang
Resultata viser stor individuell variasjon i korleis fysisk aktivitet blei oppretthaldt i ungdomsperioden og inn i vaksen alder. Dei fleste typar av aktivitet viste nedgang i løpet av perioden, men nedgangen stoppa opp omtrent ved 19-årsalderen for så å flate ut til 23. Gutane hadde størst nedgang i aktivitetsnivå. Nedgangen var minst i friluftslivsaktivitetar og styrkjetrening.

Resultata i avhandlinga tyder på at det å vere organisert i idrett tidleg, delta i organisert idrett over tid samt å tileigne seg erfaring i fleire ulike typar av fysiske aktivitetar i ungdomsåra fører til økt fysisk aktivitet i vaksen alder. Ei av årsakene til dette kan vere at det i oppveksten blir gode treningsvanar etablerte som gir ein varig effekt. Gruppa av inaktiv ungdom kan bli betrakta som ein høgrisiko gruppe, då resultata viste at særleg gutar som er inaktive tidlege utgjer ein spesiell risiko for låg aktivitet seinare.

Kroppsøvingsfaget har potensial
Det var store kjønnsforskjellar i samanhengane mellom fysisk aktivitet i oppveksten og seinare aktivitet. Mens deltaking i organisert idrett i ungdomsåra ser ut til å bety mest for mennene sin fysiske aktivitet ved 23 år, verkar det som om ein positiv oppleving av kroppsøving i skulen er viktigare for seinare aktivitet hos kvinner. Hovudforskjellen på desse to arenaene er at organisert idrett er frivillig mens kroppsøving er obligatorisk. Likevel har hovudparten av ungdom positiv haldning til faget. Kroppsøving har derfor potensial til å kunne påverke unge sitt engasjement i fysisk aktivitet seinare i livet.

Hemil-senteret ved Universitetet i Bergen er ansvarleg for undersøkinga som Kjønniksne er en del av. Professor Bente Wold er leiar for prosjektet.

 

 

 

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 18.11.2008