Prestisjefylt stipend til Mari Rorgemoen

Mari Rorgemoen ved Høgskolen i Telemark fekk utdelt Anders Sandvigs Museumsstipend på 40 000 kr under ei stor tilstelling på Maihaugen i Lillehammer St.Hanskvelden. Stipendet er oppretta for å fremje forskings- og utviklingsarbeid innafor Maihaugen sitt arbeidsfelt.

(Bilde) Mari Rorgemoen
ikon zoom

Doktorgradsprosjektet til Mari Rorgemoen gjev ny innsikt om kva som er fast og kva som er variabelt i endring og utvikling av ein tradisjon.

Førstelektor Mari Rorgemoen, som er tilsett ved Institutt for folkekultur i Rauland, arbeider med si doktorgrad der hovudmålet er å auke forståinga for den tekstile delen av norsk folkekunst og styrkje formidlinga i vår tid.

Skapande arbeid
Arbeidet til Mari Rorgemoen vil bygge på tre vitskaplege artiklar. Den første, Skapande arbeid – rekonstruksjon av element til ein brurebunad, er alt presentert i Rapport frå Pedagogiske fakulteten Åbo Akademi Nr.21, Vasa 2006.

Arbeidet med den første artikkelen er også støtta økonomisk av Telemark fylkeskommune.

Studentarbeid frå 1900
I arbeidet med den andre artikkelen har Mari Rorgemoen samanlikna eit utval studentarbeid frå 1900 og fram til i dag med tradisjonell folkekunst, for å kunne seie noko om kva som er endra og kva som er dei faste faktorane som er ført vidare i dei nye gjenstandane.

Studentarbeida frå nyare tid er henta frå Statens Kvindelige Industriskole i perioden 1900 – 1940, frå ulike husflidsskolar på 1960-talet og frå folkekunststudia i Rauland frå 1980 og fram til i dag.

Denne artikkelen er tenkt publisert i Nordfo sin skriftserie.

Vidareføring av folkekunst
I den tredje artikkelen vert det sett fokus på ulike læreprosessar der ein nyttar to ulike undervisningsmetodar – både den som tradisjonelt ofte vert nytta i samband med vidareføring av folkekunst, kopiering, og metoden der studentane innhentar informasjon gjennom ulike former for tilnærming til tradisjonsmaterialet for så å utforme sjølvstendige og personlege gjenstandar på bakgrunn av innsamla viten og tolking av lokale tradisjonar.

Studentgrupper ved folkekunststudiet i Rauland er involvert i forskingsprosjektet gjennom praktiske øvingar og intervju kring prosess og resultat.

Kunnskap om endring
Doktorgradsprosjektet til Mari Rorgemoen gjev viktig og ny kunnskap om endring og utvikling av ein tradisjon. Kva er fast, kva er variabelt og i kva grad kjem det individuelle til uttrykk i tradisjonskunsten.

Forskar og utøvande kunstnar
At forskaren i dette høvet også er utøvar innan tekstil, med grundig materialforståing, kunnskap i tekstile teknikkar og estetisk kompetanse, vil gjere at resultatet av forskinga blir svært relevant for utøvande studiar i tradisjonskunst.

Ved Institutt for folkekultur er ein oppteken av korleis ein betre kan formidle og vidareføre den materielle delen av norsk folkekunst, då mykje av folkekunsten ikkje lenger er levande tradisjon, men finns som gjenstandar i museum og i privat eige.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 02.07.2008