70 nye studenthyblar i Porsgrunn

I fleire år har Studentsamskipnaden i Telemark (SiTel) søkt Kunnskapsdepartementet om tilskot til bygging av fleire studentbustadar i Porsgrunn. No har dei fått 14 millionar kroner i tilskot til bygging av 70 nye studenthyblar.

Studenthyblar i Porsgrunn.
ikon zoom

SiTel har fått tilskot til bygging av 70 nye studenthyblar ved studiestad Porsgrunn. I dag er det studenthyblar på Hovenga, Elverhøy og Osebakken

Med ei kostnadsramme på 500.000 kroner per hybeleining dekkjer statsstønaden på 14 millionar kroner cirka 40% av totalkostnaden. For SiTel vil totalinvesteringa liggje på bortimot 35 millionar kroner.

- Sjølvsagt er vi glade for dette. Vi meiner det er dårleg studentbustaddekning i Porsgrunn med 164 studenthyblar på eit så stort antall studentar, men vi må ta eit atterhald om byggjekostnadane, seier direktør i SiTel Nils Harald Henriksen.

Dyrare husleige

Den høge etterspørselen etter arbeidskraft og dei mange byggjeprosjekta i landet har gjort det kostbart å byggje. Kostnadsramma for å byggje ein studenthybel har auka frå 400.000 kroner til 500.000 kronar per hybeleining - utan at dette er følgt opp med auke i tilskotet. Det betyr at lånedelen for SiTel vil auke tilsvarande.

- Vi blir nøydde til å låne den resterande summen i Husbanken og det vil igjen føre til høgare husleige for studentane. I dag er månadsleia på ein studenthybel i Porsgrunn på i underkant av 3000 kroner. Det kan hende at husleiga for dei nye hyblane vil krype opp i mot 4000 kroner per månad, seier Henriksen.

Ynskjer tomt av kommunen

SiTel vil no gå i dialog med Porsgrunn kommune, høgskulen og studentane for å kome fram til ei ”rimeleg” løysing.

- No blir utfordringa å få kommunen til å stille med gratis tomt - og det føreset vi at dei er villige til. Så må vi gå i dialog med høgskulen og studentane for å diskutere behov og utforming av dei nye hyblane, og saman vurdere om dei har betalingsevne til dette, seier Henriksen.

SiTel sine studentbustader i Porsgrunn er i dag plassert på Hovenga, Elverhøy og Osebakken. Dei nye studentbustadene skal liggje i nærleik til høgskuleanlegget på Kjølnes og vil mest sannsynleg stå klare hausten 2010.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes, sist oppdatert av Jonny Bergkvist - 29.02.2008