- Vi er det største folkekulturmiljøet i landet

Stjernø-utvalet meiner fleire små studiestader i Norge bør leggjast ned. Rauland er ein av desse. - Dette er det største folkekulturmiljøet i landet, og det har eit svært sterkt fagmiljø, seier Bodil Akselvoll, leiar for Høgskolen i Telemark si verksemd i Rauland.

Studiestad Rauland
ikon zoom

Stjernø-utvalet meiner folkekulturstudia i Høgskolen i Telemark bør flyttast frå Rauland til Bø, melder NRK.

Rapporten frå Stjernø-utvalet - som vurderer framtida til høgre utdanning i landet - blir offisielt presentert kl. 12.00 i dag. Men ein del av konklusjonane er alt kjent.

Utvalet går mellom anna inn for å samle høgskolane i Buskerud, Telemark og Vestfold til eitt universitet. Og i følgje NRK vil utvalet flytte folkekunst- og folkekulturstudia i Høgskolen i Telemark frå Rauland til Bø.

- I tillegg til å vere det største folkekulturmiljøet i landet og med stabile søkjartal til studia, har det faglege nivået ved studia i Rauland dei seinare åra blitt ytterlagere styrkt, mellom anna med landets einaste masterstudium i tradisjonskunst. FoU-produksjonen er også stor, sier instituttleiar Bodil Akselvoll.

Ho peikar på at den intime studiestaden Rauland med sine rundt 100 studentar og 20 fast tilsette har utøvande studium som er sjeldne, og at dette folkekunst- og folkekulturmiljøet har eit svært stort nasjonalt og internasjonalt nettverk.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 22.01.2008