- Treng kandidatar til studentvalet

Studentorganisasjonen i Telemark (SOT) jobbar for at du som student skal få ein best mogeleg studiekvardag. No kan du også bli med på å ta viktige avgjerd for deg sjølv og medstudentar ved å stille som kandidat til studentvalet 08.

SoT-leiar Christoffer Holt.
ikon zoom

SOT-leiar Christoffer Holt håper at mange studentar ynskjer å nominere seg til studentvalget. Nominasjonsfristen er 13.april (arkivfoto).

- Som tillitsvald er du med på å påverke og ta avgjerder i viktige saker. Ein lærer om korleis eit demokrati fungerer og ein utviklar seg sjølv som menneske, fortel SOT- leier Christoffer Holt.

Sjølv stiller han sitt eige verv til disposisjon og går av som SOT-leiar i mai. Det betyr at vervet som SOT-leiar står ledig. Det gjer også verv i studentrådsstyrene, Læringsmiljøutvalget, Skikkethetsnemnda (gjeld berre avdelingane HS og EFL), Klagenemda, Internasjonaliseringsutvalget, SiTel m.m.

Holt har sjølv sett kor stor påverknad studentane har. I alle utval som tek avgjerd som påverkar studentane har studentane 20% innflytelse. Det er lovpålagt gjennom Lov om universiteter og høgskolar. Han legg også til at studentarbeid er sosialt. Holt har møtt mange menneske gjennom studentarbeidet som han elles ikkje ville blitt kjend med.

- Nokon er kanskje skeptiske til kor mykje tid eit verv tek, men alle møta er i studentdemokratitida på onsdagar, så vervet skal ikkje gå utover studiar eller undervisning, avsluttar Holt.

Nominasjonsfristen for studentvalet er sat til søndag 13.april. Ein kan foreslå seg sjølv eller andre ein har fôrespurt. Verva gjeld for skuleåret 2008/2009.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 07.04.2008