Vil ta del i forskinga
Nyvald leiar for Studentorganisasjonen i Telemark, Shino Wilberg, har kampsakene klare. Han ønskjer at studentane i større grad skal få delta i forskinga ved høgskolen og at dei allereie i fyrste semester skal lære å skrive gode prosjektoppgåver.
Shino Wilberg ble valt til leiar for Studentorganisasjonen i Telemark (SoT) i juni. No er han klar for å kome i gang.
Wilberg har vore student på Notodden i tre år, og avslutta faglærarutdanninga i kroppsøving i vårast. Dette studieåret vil han ta nokre enkeltfag, men fyrst og fremst konsentrere seg om vervet som leiar for studentane si ”fagforeining”, SOT
Synleg for 5500 studentar
- For det fyrste ønskjer eg å få ei oversikt over kva slags forsking som finst ved høgskolen. Når vi driv med forskingsbasert undervisning er det på sin plass at studentar også får ta del i forskinga. Vi kan brukast til noko så enkelt som notatskriving, forsikrar Wilberg.
Han trur fleire studentar ønskjer å få erfaring med forsking, også på bachelornivå.
Den nyvalde leiaren er oppteken av at SOT skal vere ein synleg organisasjon for dei 5500 studentane ved HiT. Og han har planar om å gjeste alle studiestadene ein gong i semesteret. På måndag skal han halde ei helsing til studentane under fellesopninga av studieåret. Det gleder han seg til.
Han vil få jobbe med å få i gang studentrådsstyrer i Bø og på Notodden innan utgangen av september.
- Kva andre saker er du oppteken av?
- I dag har vi vitskapleg metodekurs i femte semester. Eg vil foreslå at det blir flytt til fyrste semester for det er i starten av studiet ein bør lære å skrive gode oppgåver. Det vil gjere oss betre i stand til å skrive gode bachelor- og masteroppgåver.
Arbeidskontrakt ved gruppearbeid
Wilberg meiner også det bør innførast ein arbeidskontrakt i gruppeoppgåver. Han synest det er urettferdig at ein får ein dårlig karakter dersom ein hamnar på ei lite arbeidsam gruppe, og sjølv har jobba hardt.
- Eg synest at gruppa samla bør få ein karakter og at den som for eksempel har skrive om metode-delen får ein karakter for det. Kva arbeidsoppgåver den einskilde blir gitte må definerast på førehand i ein arbeidskontrakten.
- Kva ønskjer du deg elles av dei nye studentane ved Høgskolen i Telemark?
- Eg vil at dei skal engasjere seg. Er dei misfornøgde så må dei kome seg ut av grupperommet og engasjere seg studentpolitisk. HiT er ein bra stad å vere, men vi kan alltid bli betre, avsluttar drammensaren som no har slått rot i Telemark.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes, sist oppdatert av - 07.08.2008