Fleire vil bli lærarar
Frykt for auka arbeidsløyse er ei av årsakene til at talet på søkjarar til universitet og høgskoler aukar markert. Som for resten av landet har også dei ulike lærarutdanningane ved Høgskolen i Telemark ein etterlengta vekst.
- Lærarutdanningane veks. Og trass i finanskrisa er det framleis to søkjarar til kvar ledig plass på eigedomsmeklarstudiet vårt, seier rektor Dag K. Bjerketvedt.
Mandag kveld offentleggjorde SO - Samordna opptak - søkjartala til grunnstudia ved universitet og høgskolar.
For Høgskolen i Telemark kjem om lag 60 prosent av dei nye studentane til hausten gjennom SO-opptaket.
Opptur for nettbasert lærarutdanning.
Gjennom SO har HiT nå 210 førsteprioritetssøkjarer til dei tre variantane av allmennlærarutdanninga.
Dette er heile 88 fleire enn på same tid i fjor.
Det er særleg den delvis nettbaserte varianten som har oppsiktsvekkjande stor vekst.
Studiet går over fem år, og studentane - som ofte kombinerer studia med jobb - har faste undervisningstimar på nett, men i tillegg med tre kortare samlingar ved studiestaden Notodden kvart studieår.
To søkjarar til kvar studieplass
Finanskrisa speglar seg tydeleg i søkjartala for HiT. Krisa ramma i første omgang særleg eigedomsmarkedet.
Og som venta går talet på søkjarar til eigedomsmeklarstudiet ved HiT kraftig tilbake.
- Men det er overraskande nok likevel framleis over to søkjarar til kvar ledig studieplass, kommenterer Dag K. Bjerketvedt, rektor ved HiT.
- Det betyr nok at det er dei mest motiverte som nå søkjer dette studiet. Det er bra for oss og bra for studiemiljøet, legg han til.
Førebelse tal
Totalt har HiT nå 2316 førsteprioritetssøkjarar til 1565 studieplassar. I fjor var søkjartalet 2234.
Dette er likevel bare førebelse søkjartal.
Heilt fram til 1. juli kan søkjarane via nettet endre prioriteringa blant dei studia dei har ført opp på det elektroniske søknadsskjemaet i SO.
Y-vei veks vidare
I tillegg til desse søknadene gjennom SO blir søknadene til alle påbyggingsstudia og eit par av grunnstudia ved HiT søkte direkte til høgskolen.
Dette gjeld mellom anna det prisbelønte "Y-veien", ordinær bachelorutdanning til ingeniør for søkjarar med fagbrev frå vidaregåande skole. Her er det i år ny toppnotering med 277 søkjarar.
Sentralisering
Tendensen til sentralisering held fram.
Samanlikna med i fjor er det i år nær 11 700 fleire førsteprioritetssøkjarar til universitet og høgskolar. Halvparten av desse går til Oslo.
Til saman forsyner dei tre store universitetsbyane Oslo, Bergen og Trondheim seg med 70 prosent av den samla auken i årets søkjartal.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 22.04.2009