God undervisning og flinke studentar ga ni millionar ekstra
God studiepoengproduksjon i 2009 gir Høgskolen i Telemark nær ni millionar kroner i ekstra tildeling i framlegget til statsbudsjett for 2011. Totalt får høgskolen vel 524 millionar kroner.
- Eg er godt tilfreds med den resultatbaserte tildelinga, men HiT hadde venta å få tildelt fleire nye studieplassar, kommenterer høgskoledirektør Nils Røttingen.
Pluss 15 for HiT
For å møte veksten i ungdomskulla dei næraste åra gjer regjeringa framlegg om 2200 nye studieplassar i 2011.
Men bare 15 av desse går til Høgskolen i Telemark. Det er særleg universiteta og høgskolane i dei folkerike delane av landet som får auka kapasiteten.
- Vi har samla sett relativt god søkning til ledige studieplassar. Ein del studieprogram er óg stengde og det er ventelister. Til dømes gjeld dette sjukepleiarutdanninga, men her er det mangel på praksisplassar i regionen som er flaskehalsen, seier Nils Røttingen.
Fleire studiepoeng
På den andre sida er han svært godt nøgd med resultata som følgjer av arbeidet med studiekvalitet og læringsmiljø.
Studia er delte opp i studiepoeng, og den totale studiepoengproduksjonen er eit mål på kor mange emner den enkelte studenten og studentane samla gjennomfører og består eksamen i.
I studiepoengproduksjon per student er Høgskolen i Telemark blant dei beste av dei statlege høgskolane i landet. Desse oppnådde resultata gir nå pengar i kassa. For 2011 betyr dette 8,9 millionar kroner ekstra.
I finansieringa av forskningsaktiviteten konkurrerer universiteta og høgskolane om ein felles pott. Her får HiT en auke på 240 000 kroner i 2011-budsjettet.
Utviding i Porsgrunn
Ved studiestaden Porsgrunn har studenttalet vakse markert dei seinare åra, og det er plassmangelen. I framlegget til statsbudsjett for 2011 blir det gitt grønt ljos for ei planlagd utviding på 1360 kvadratmeter innanfor alt tildelt budsjettramme (prosjektering i 2011).
- Dette er svært positivt, seier ein nøgd høgskoledirektør Nils Røttingen.
Det er Statsbygg som eig og byggjer ut, medan høgskolen er leigetakar.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 05.10.2010