To land - to tekstiltradisjonar
Høgskolen i Telemark har sida 2009 delteke i eit EU-finansiert prosjekt saman med Academy of Fine Arts and Design (AFAD) i Slovakia. ”One space, many ways” viser resultatet av det fargerike samarbeidet.
Dei indigofarga tekstilane er laga i blåtrykk. Dette er ein gamal trykkjeteknikk som har stått sterkt i sentral Europa. Det er i utgangspunktet kvitt bomullsstoff som vert påført ein masse der motivet skal vere. Deretter vert stoffet farga. Stoffet blir indigo-blått der massen var påført, og så blir mønsteret verande kvitt (reservering). I Noreg har vi også brukt denne teknikken tidlegare.
I samarbeidsperioden har dei to institusjonane både hatt lærar- og studentutveksling, seminar, forelesningar og utstilling. Den siste utstillinga ”One Space, many ways” som blei halde på Skinnarlandsamlinga på Rauland i september, blei ein avslutning på samarbeidet. Her ble studentarbeid av HiT-studentar og AFD-studentar stilt ut.
- Kunst er eit universelt språk
Magda Grøn Hensvold går 2. år bachelor i folkekunst på Rauland og er ein av studentane som var med på utstillinga. Ho har fått opplæring i nokre av dei mest tradisjonelle teknikkane i Slovakia som blåtrykk og knipling. Magda synest samarbeidet har vore spennande og at det har vore spesielt artig å sjå korleis slovakane jobbar.
- Slovakane jobbar på ein annan måte enn oss. Dei er meir kunstnariske, mens vi er meir tekniske. Vi lærer oss eit handverk, medan dei jobbar meir på designplanet. Kunst er jo eit universelt språk som alle kan forstå, så eg kjende at vi forstod kvarandre godt, sjølv om vi av og til måtte ty til kroppsspråk, fortel HiT-studenten.
Sjølv synest ho blåtrykk var ein spennande teknikk. Her utforma studentane eigne motiv og laga trykkblokker som dei trykte på store gardiner. Deretter blei stoffa farga i indigo på ein trykkjefabrikk i Tsjekkia. Dei ulike gardinene og produkta kan ein sjå i katalogen og på bileta.
Sterk handverkstradisjon
Dei nordiske landa har ein sterk tradisjon innanfor tekstildesign. Slovakisk design er også sterk i kraft av kulturen og den historiske tradisjonen sin.
- Slovakia og Noreg ligg langt frå kvarandre geografisk. Likevel er det nokre møtepunkt mellom slovakisk og norsk kultur og historie sidan vi er del av ein felles europeisk kulturarv. Forskjellig klima, geografi og historie har ført til at nokre tekstilteknikkar står sterkare i dei ulike landa, og det har gjort samarbeidet spanande, fortel instituttleiar ved Institutt for Folkekultur, Bodil Akselvoll.
Ho har dreve prosjektet saman med Maria Fullková er leiar for avdeling for tekstildesign ved AFDA i Bratislava som også har nokre refleksjonar rundt temaet.
- Slovakia og Noreg har lik befolkningsstorleik og deler Europa si felles historie, men Slovakia er eit kystlaust land og Noreg er ein kystnasjon. Eit møtepunkt mellom dei to nasjonane sin kultur og historie er den gamle handverkstradisjonen, fortel ho.
Samarbeidet mellom HIT og AFDA starta i mai 2009 og blir avslutta i desember 2010.
Prosjektet har motteke 40.000 Euro i stønad av European Economic Area, Norway grants og det slovakiske ”NIL-fondet”.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes, sist oppdatert av Anne Kathrine (Trine) Ellefsen - 27.01.2011
Eksterne lenker