Kvifor svingar folkemusikken?
Mats Johansson har i sin doktorgrad prøvd å finne svar på kva det er som får folkemusikken til å svinge som den gjer. Torsdag 6. mai disputerer han.
- Rytme vert ofte beskrive som tidsdimensjonen i musikken, strukturert etter sine eigne lover og prinsipp. Men for å forstå den presise utforminga av rytme, må vi sjå på den som ein prosess der flyt og samanheng i den musikalske progresjonen vert skapt gjennom eit gjensidig samspel mellom ei rekke av musikken sine klingande komponentar, fortel høgskolelektor i Mats Johansson som er tilsett ved Institutt for folkekultur ved HiT. Der arbeider han på masterstudiet i tradisjonskunst.
Johansson har i si avhandling om rytme og timing i eit utval tradisjonelle norske danselåtar i tretakt (pols/springar) framført solo på fele og hardingfele.
- Ein kan forstå timing som musikaren sin kontroll over tilhøvet mellom lengda på musikalske hendingar. Dette tilhøvet er spesielt komplisert i musikk der melodien ber rytmen, og der det manglar referansar (rytmeinstrument) for den rytmiske utforminga av melodien.
- Pols/springarmusikken er eit slåande eksempel. Her kan rytmen samanliknast med eit måleband der ingen etterfølgjande millimeter- eller centimeterindikeringar er like. Likevel vert musikken oppfatta som groovy og mogleg å danse etter, og musikaren har full kontroll over takt og tempo. Korleis er dette mogleg, undrar Johansson.
Johansson viser at lengda på musikalske hendingar ikkje opptrer i mønster så lenge perspektivet er avgrensa til tilhøvet mellom ” målebandet sine millimeter og centimeter” (motsats til takt ag taktslag i musikkteorien). Timing følgjer derimot motiv-/ frasestrukturen i melodien, og små variasjonar i utforminga av motiva resulterer i motsvarande variasjonar i lengda på dei rytmiske komponentane. Timing er m.a.o. ein integrert del av ein større heilskap der melodi, rytme, klang og dynamikk inngår som komplementære delar, noko som gjer at tid ikkje kan handsamast som om det var ein sjølvstendig musikalsk parameter med sin eigen systematikk.
Det prosessuelle perspektivet inneber vidare at rytme ikkje er ei definert norm som musikaren realiserer ( eller avvik frå). ”Norma”, referansen som rytmiske variasjonar opptrer i høve til, er i staden dynamisk og under kontinuerlig skaping gjennom framføringa.
Mats Johansson disputerer kl. 10.15 i Store festsal, Domus Academica, UiO.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 10.05.2010
Eksterne lenker