Skal blogge om studentlivet

Då Høgskolen i Telemark søkte etter studentbloggarar, kom det inn 44 søknader. Valet fall på denne glade gjengen av studentar. Randa, Kristoffer, Silvio, Irene, Veronica, Marius og Mailinn vil blogge om laust og fast frå studentkvardagen heilt fram til april.

De syv bloggerne fra Høgskolen i Telemark sitter samlet ute i skogen.
ikon zoom

Årets studentbloggarar er på ”lufta” og kjem til å blogge om stort og smått frå eigen studiekvardag fram til søknadsfristen til høgare utdanning som er 15. april. Nedst f.v. Silvio, Mailinn, Randa, Veronica og Marius. Øvst f.v Irene og Kristoffer.

HiT gjentek suksessen frå i fjor ved å bruke eigne studentar til å marknadsføre høgskulen. Tanken er at det er våre eigne studentar som på ein mest truverdig måte kan fortelje korleis det er å vere student på Høgskolen i Telemark.

Dei sju bloggarane representerer studiestadene Bø, Rauland, Porsgrunn og Notodden. Nytt av året er at ein utanlandsstudent også er med. Silvio frå Frankrike ser kanskje på studentlivet her i nord med litt andre auge. I tillegg til å blogge om studentlivet vil dei sju ”heltane” figurere i annonsar og reklamemateriell i tida framover. I denne youtube-filmen kan du bli betre kjend med dei.

Randa Fiskum Hamadi er ein av dei sju som skal blogge for høgskulen. Ho melde interessa si som bloggar fordi ho studerer marknadsføring, og det gav henne eit høve til å sjå korleis denne verda fungerer på innsida.

- Eg har aldri blogga før, men hadde lyst til å sjå korleis faget mitt fungerer i praksis, Eg trur òg det er viktig at høgskulen er i dei sosiale media. Eg kjem til å blogge om det som fell meg inn og om kva som skjer i Bø der eg studerer, fortel Skiensjenta.
Randa har blogga sidan november, og merkar allereie no at det er viktig å vere aktiv, for dei dagane ein ikkje bloggar, fell trafikken raskt. Helst kvar dag, men i alle fall annankvar dag, er målet for den travle studenten.

Bloggarane ønskjer respons frå publikum, så har du spørsmål om studentlivet, så kommenter gjerne eller legg inn eit spørsmål i bloggen.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes, sist oppdatert av Webmaster HiT - 09.12.2010