Stor pågang på Restetorget

Tysdag 20. juli var det nasjonale hovudopptaket til universitet og høgskolar klart. Men det er framleis mange ledige studieplassar - også ved Høgskolen i Telemark. Og svært mange er interesserte.

Mari Helle Hegna
ikon zoom

- For restetorget gjeld først til mølla-prinsippet, seier opptaksleiar Mari Helle Hegna

Restetorget (Høgskolen i Telemark)

Dei som fekk tilbod om studieplass 20. juli hadde bare seks dagar på seg for å svare ja eller nei. Basert på tilbakemeldingane blir det i dag gjort eit nasjonalt suppleringsopptak.

Men håpet er ikkje ute for dei som ikkje fekk den studieplassen dei først ønskte seg, eller som ikkje hadde søkt innan den opprinnelege fristen 15. april.

Ved hovudopptaket var det 2650 ledige studieplassar ved landets universitet og høgskolar, fordelte på 429 ulike studium.

Stor pågang
Også ved mange av studia ved Høgskolen i Telemark er det framleis ledige studieplassar. Lista over desse og dei tilsvarande ledige plassane ved andre høgskolar og universitet kallast Restetorget.

Sidan Restetorget opna 20. juli har over 1100 søkjarar søkt på studium ved Høgskolen i Telemark.

Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn ledige plassar på eit studium på Restetorget, vil plassane gå til dei som først melder seg.

Rekrutterer mange
- Det er framleis svært stor pågang av telefonar til opptakskontoret frå interesserte til restetorgsplassane, seier opptaksleiar Mari Helle Hegna.

- Vi har alltid rekruttert mange studentar via Restetorget. Men det endelege talet på nye studentar vil vi først vite etter studiestart 16. august.

Årsstudiet i bedriftsøkonomi i Bø og førskolelærarstudiet på Notodden er blant dei mest søkte studia på årets restetorg for Høgskolen i Telemark.

Ja til 2067 søkjarar
I hovudopptaket gjennom Samordna opptak 20. juli fekk 2067 søkjarar tilbod om studieplass ved Høgskolen i Telemark.

Dette var 392 fleire enn ved hovudopptaket i fjor. Blant universiteta og høgskolane er det bare Universitetet i Tromsø (+ 562) og Universitetet i Agder (+ 508) som har høgare vekst enn Høgskolen i Telemark.

Dei tre største enkeltstudia ved Høgskolen i Telemark er bachelorstudia innan sjukepleie, økonomi/administrasjon og eigedomsmekling der respektive 190, 107 og 100 av søkjarane har fått tilbod om studieplass. Her er det også lange ventelister.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 29.07.2010