Siste dag på høgskolen
254 helse- og sosialfagstudentar markerte fredag avslutninga på ei lang studietid ved Høgskolen i Telemark. Dei nyutdanna sjukepleiarane Lene Wenås og Kristine Solstad synest det er godt å vere ferdige, men er også spente på korleis det blir å stå på eigne bein.
Det var ei festkledd forsamling som hadde møtt opp til avslutningsseremonien ved studiestad Porsgrunn. Talar av dekan, prorektor, instituttleiarar, og ikkje minst tre studentar, sette ei fin ramme rundt seremonien.
Dosent Runar Bakken heldt festtalen for framtidas barnevernspedagogar, vernepleiarar, helsesøstrer og sjukepleiarar. Han understreka at den kunnskapen og innsikta dei nå har fått gjennom mange års studium, gjer dei privilegerte.
Eit meiningsfylt yrke
- De har valt utdanningar og yrke der de må forhalde dykk til ei verkeleg verkelegheit, som handlar om det gode i livet, og det vonde i livet. De vil erfare at livet kan vere ein dans på roser – fylt av saft, kraft og glede, og eit sant mørkt helvete. De vil erfare takksemd frå menneske som kan legge år til liva sine takk vere deg og dine kunnskapar, og menneske i sorg over tapte liv og tapte livsmoglegheiter. Langt frå alle yrke gjev slike høve og er så fylde av tyding. Derfor er de privilegerte, sa Bakken i festtalen.
Også dei tre studentane Lill Kristin Volden på barnevern, Marte Welta Myrene og Ellen Myrland på høvesvis sjukepleie heiltid og deltid heldt flotte talar der dei oppsummerte åra ved HiT - sistnemnde på rim.
Autorisasjon med moglegheiter
103 sjukepleiarar, 36 vernepleiarar, 47 på barnevern, 22 med vidareutdanning i psykisk helse, 36 helsesøster, og 10 masterstudentar fekk også utdelt kvart sitt vitnemål. Sjukepleiarane og vernepleiarane vil også bli registrerte etter helsepersonellova og vil få tilsendt ein autorisasjon i posten. For sjukepleiarar vil autorisasjonen gje løyve til å arbeide som sjukepleiar i Noreg, EØS og EU. Sjukepleiarane Lene Wenås og Kristine Solstad vil førebels starte med ein jobb i distriktet.
- Vi har fått oss sommarjobbar i Skien begge to, så nå er det bare å arbeide seg oppover. Men vi kjem til å sakne det sosiale og alt vi har opplevd saman med klassa, avsluttar dei to, og passerer dørterskelen til Høgskolen i Telemark for denne gong.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 21.06.2012