Søkjartala ved HiT aukar
Høgskolen i Telemark har 6,9 prosent fleire primærsøkjarar i år enn i fjor. Det viser tal som det sentrale opptaksorganet Samordna opptak la fram i dag. På landsbasis er det i år ein liten auke av søkjarar til høgare utdanning.
2576 førsteprioritetssøkjarar har valt å studere ved HiT frå hausten 2011. Det er ein auke på 167 førsteprioritetssøkjarar samanlikna med fjorårstala. Høgskolen aukar dermed marknadsdelen sin frå 2,33 i 2010 til 2,37 i 2011.
Dei aller fleste fagområda ved HiT har omtrent same søkjartal som i fjor, men ein kan sjå ein positiv auke innanfor nokre fagområde.
Auke for økonomisk-administrative fag og helse- og sosialfag
Samla sett aukar økonomisk-administrative fag med 49 primærsøkjarar, frå 429 i 2010 til 478 i år.
Eigedomsmeklarstudiet er det enkeltstudiet med størst auke. I år har 197 søkjarar valt dette studiet som førsteprioritet, mot 145 i 2010. For informatikk og natur- og miljøvernfag aukar også talet på primærsøkjarar noko, mens idretts- og friluftslivsfaga har god og stabil søkning som tidlegare år.
Helse- og sosialfag har i år 719 primærsøkjarar, mot 588 i 2010. Både heiltidsstudia i sjukepleie, vernepleie og barnevernspedagogikk har ein auke i søkjartal. I tillegg har vernepleie deltid opptak anna kvart år, og det gir positivt utslag i søkjartalet i år.
Lærarutdanningane er stabile
GLU, som er namnet på grunnskulelærarutdanning, er gruppert i 1-7 og 5-10. Begge variantar har ein marginal auke. Det er tilbod om GLU både i Porsgrunn, på Notodden, desentralisert og som nettstudium. GLU 1-7 i Porsgrunn og Notodden har ein marginal auke. Totalt har 335 søkt seg til GLU ved HIT, mot 319 i 2010.i
Førskolelærarutdanninga held seg stabil med 291 søkjarar, mot 292 i fjor.
Teknologiske fag aukar samla sett
Tal frå SO viser ein liten nedgang i talet på søkjarar til ingeniørutdanningane elektro og maskin, mens bygg har ein liten auke og kjemi held seg stabil. HiT hentar inn flest søkjarar til ingeniørutdanninga gjennom det lokalet opptaket og totalt har avdelinga 722 søkjarar til dei 12 studia det er tilbod om. Tilsvarande tal i fjor var 657.
- Konkurransen om studentane blant universitet og høgskolar er sterk og stigande. Derfor er det svært positivt at Høgskolen i Telemark aukar marknadsdelen sin gjennom Samordna opptak også i år. Det viser at høgskolen tilbyr attraktive og relevante studieprogram som fangar studentane si interesse og dekkjer viktige kompetansebehov i samfunns- og næringsliv, seier høgskoledirektør Nils Røttingen.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 27.04.2011
Eksterne lenker