Aktuell forskar på vold mot eldre
Førsteamanuensis Astrid Sandmoe har over fleire år forska på vold i nære relasjonar, då med særleg vekt på vold mot eldre. Når Regjeringa i dag legg fram ein Nasjonal handlingsplan mot vold i nære relasjonar, har Sandmoe vore ein av bidragsytarane.
- Regjeringa har gjort eit stort arbeid med tanke på vold mot barn og unge vaksne, men vold mot eldre vaksne har det ikkje i tilstrekkeleg grad blitt fokusert på, fortel Sandmoe som er ein av dei fremste forskarane i landet på temaet.
I den nye handlingsplanen som blei lagd fram i dag kl.12.30, skal vold mot eldre bli eit eige satsingsemme.
Meldar ikkje eigne barn
- Eldre kan vere ei sårbar gruppe når det gjeld fysiske og psykiske skadar ved overgrep. Dei treng eit hjelpeapparat som forstår kor vanskeleg det kan vere å bli utsett for overgrep frå ein i sin næraste familie. Det er vanskeleg å melde sine eigne barn eller barnebarn, fortel Sandemoe.
Sandmoe er utdanna sjukepleiar, men tok i 2011 ein doktorgrad på overgrep mot eldre og heimesjukepleia si handtering av overgrepsproblematikk.
I sitt tidlegare arbeid ved Nasjonalt kunnskapssenter for vold og traumatisk stress (NKVTS) har ho intervjua 30 eldre som har vore offer for overgrep. Rapporten vil bli offentleggjord våren 2012.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 09.01.2012
Eksterne lenker